Kulturminister Trine Skei Grande opnar Førdefestivalen 2018

trineskeigrande-foto-mona-lindseth---venstre-37812305975_27152d7f7a_o.jpg

Kulturminister Trine Skei Grande (V) har takka ja til invitasjonen om å komme til Førde for å opne den 29. Førdefestivalen. -Vi har høyrt kulturministeren uttale at ho skal ha eit tett festivalprogram til sommaren, og vi er svært glade for at den kulturinteresserte ministeren set av tid til å komme til Førde og stå for den offisielle opninga av den 29. Førdefestivalen, seier direktør Hilde Bjørkum. Opninga av festivalen skjer som vanleg på opningskonserten, som i år er torsdag 5. juli. 

Festivalen startar opp med arrangement allereie onsdag 4. juli, med konsert i Florø, Gloppen og i Førde, men den store opningskonserten er som vanleg torsdag kveld, og NB! i år byrjar konserten kl. 20.00. Årets opningskonsert har tittelen DANSEN I MUSIKKEN - MUSIKKEN I DANSEN, og vert leia av konferansier Silje Onstad Hålien. 

 

Torill Faleide