Heile programmet er klart!

 Flamenco - 4 women 4 - foto: David Carbajo

Flamenco - 4 women 4 - foto: David Carbajo

Urban Rumba Catalana og lidenskapleg flamenco frå Spania, halling i ny norsk produksjon, heftig tarantella frå Italia, cubansk salsa, dans frå Solomonøyane, Påskeøya, Taiwan, Madagaskar og Papua New Guinea, steppdans frå Canada, bharatanatyam frå India, polska frå Sverige - og Jølstraspringar i Astruptunet; dette er litt av dansemenyen når Førdefestivalen for 29. året inviterer til musikalsk gjestebod i Førde, 4. - 8. juli i år.  

HER kan du laste ned pdf av festivalprogrammet. 

OFFISIELL SPOTIFY-LISTE

Dansen frå verda - til Førde!

Til sin siste festival som direktør, har Hilde Bjørkum hatt dans og dansemusikk i fokus, og sett etter artistar med danseappell i uttrykket sitt. -Det har vore eit kjekt arbeid og som alltid spennande, og eg er utruleg fornøgd med at vi får vise SÅ mange ulike danseuttrykk på festivalen, seier Bjørkum. Ho har alltid har vore ute etter å vise den store breidda og det musikalske mangfaldet som finst på kloden; slik også når det gjeld dans og dansetradisjonar. -Vi har alltid hatt mykje dans på festivalen, men eg trur knappast vi har hatt så mange ulike dansetradisjonar på eitt brett som i år, seier direktøren.

 

 Dei gamle er eldst - ny hallingdans-framsyning som vert vist på Førdefestivalen. Foto: Thor Hauknes

Dei gamle er eldst - ny hallingdans-framsyning som vert vist på Førdefestivalen. Foto: Thor Hauknes

‘Får ikkje eg danse, så døyr eg’

Sitatet er henta frå Tuva Syvertsen, musikar i den nye danseproduksjonen, Dei gamle er eldst. Framsyninga kretsar rundt dei eldre hallingmeistrane våre, dei store førebileta for ein heil generasjon nye dansarar, som trør dansen med livsrøynde kroppar og ein uvurderleg kunnskap om faget. -Det blir fantastisk å sjå hallingdansarane Martin Myhr, Ingar Ranheim, Rolf Bjørgan, Dagfinn Krogsrud, Vidar Underseth og Dag Hamre i aksjon på ei og same scene, seier Bjørkum. Dei gamle er eldst er produsert av Villniss Dansekompani, i samarbeid med Førdefestivalen, Hilmestemnet og Riksscenen.  Koreograf er Silje Onstad Hålien, sjølv kjend dansar i eliteklassen i Norge, og som sjølv bidreg med dans i framsyninga.

 

Viktig med nye produksjonar

Satsing på nye produksjonar er ein viktig del av den kunstnarlege profilen til Førdefestivalen, som i år har teke initiativ til heile tre slike. I høve 200 årsjubileet til Aasmund Olavsson Vinje, har festivalen engasjert Jorun Marie Kvernberg til å stå i bresjen for og skrive musikk til ei ny barneframsyning, som har fått tittelen ‘På geitevis’, og vert ei slags reise i Vinje si eventyrverd. Fridtjov Urdal skriv manus, og med i framsyninga er òg Unni Boksasp, Daniel Herskedal og Rune Filip Roaldsnes.

Kyrkjekonserten ‘Op sødeste sang’ er også ein ny produksjon. -Her ønskjer vi å løfte fram dei rike og vakre religiøse folketonane frå vårt eige fylke, fortel Bjørkum.  Musikarane tek utgangspunkt i det  omfattande materialet som finst i folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane og ved Arne Bjørndals samlingar ved Universitetet i Bergen. Sigbjørn Apeland er musikalsk leiar for dette prosjektet, og med seg har han sterke namn som Arve Henriksen, Kim Rysstad, Synnøve Bjørset og Malin Alander.

 

Sist, men ikkje minst, har vi teke tak i Nikolai Astrup sine tette band til folkemusikk og folkedans, og inviterer til Klangen av Astrup, i Astruptunet, på festivalen sin siste dag. Her er Gro Marie Svidal produsent og musikar, og med seg har ho dansarar og kjende musikarar som Erlend Apneseth, Sigmund Eikås og Emil Horstad.

 El Nene frå Cuba 

El Nene frå Cuba 

#dansdegvarm med krasjkurs og dansevertar

Allereie første festivaldag vert publikum inviterte til salsakveld med Latin Grammy-vinnar El Nene, som både i stemme og utsjånad vert samanlikna med verdskjende Ibrahim Ferrer i Buena Vista Social Club. -Son del Nene kjem med autentisk ‘son habano’ - musikk som i følgje festivaldirektøren snakkar rett til beina dine! - Det nyttar ikkje å stå i ro, seier ho, og det er heile meininga; vi vil så gjerne ha publikum til å danse. Endå meir. Difor gjer festivalen litt ekstra for å lokke endå fleire til å følgje musikken med kroppen – og du treng IKKJE vere ekspert på førehand for å vere med! I sommar vert det krasjkurs både i cubansk salsa og Jølstraspringar, og på dei tre dansekveldane i Førdehuset vil dansevertar vere på pletten om du ønskjer å friske opp stega i reinlender, prøve deg på springartakta eller få på plass den siste turen på polsen igjen. Dette skal også vere den sosiale dansen sin festival, i følgje direktøren, som veit kva ho snakkar om; ho har trass alt tre Norgesmeistertitlar og kongepokal i dans frå Landskappleiken frå ein tidleg dansekarriere. 

Spansk flamenco-feminisme - og møte med urfolkstradisjonar

Dans og musikk kan også vere historieforteljing, som i flamenco-framsyninga 4 women 4. Her blir du med på ei tidsreise gjennom dei viktigaste epokane i spanske kvinner sin lange og vanskelege kamp for fridom og likestilling i samfunn og familieliv. Med fem flamencodansarar, musikarar og songarar - i tillegg til flotte kostymar - vert dette ein visuell og sterk historietime.

Small Island Big Song er ein annan type historieforteljing. -Dette prosjektet har det teke den australske filmskaparen og musikkprodusenten Tim Cole tre år å lage. Han har vitja 16 ulike øysamfunn og gjort opptak av og intervjua urfolksmusikarar i deira lokale kulturar. Seks av desse musikarane - frå Solomonøyane, Påskeøya, Papua New Guinea, Madagaskar, Taiwan og Borneo - har han med seg til Førde, og du kan berre glede deg til ei flott multimedia-framsyning, med lyd og film, og levande musikk og dans, fortel Bjørkum.

 Fanfare Ciocarlia, eit av verdas beste brassband kjem til Førde - igjen!

Fanfare Ciocarlia, eit av verdas beste brassband kjem til Førde - igjen!

Artistliste som ein backpacktur

Førdefestivalen har til alle tider skilt seg ut med artistlister som minner om ein heftig verdsomspennande backpacktur, og 2018-ugåva er ikkje noko unntak. Utanom dei som er omtala over, innheld artistmenyen m.a. verdas beste brassband, Fanfare Ciocarlia frå Romania, det kurdiske musikkikonet, Aynur, pizzica-spesialistane Canzoniere Grecanico Salentino frå Italia, Finlands supergruppe Frigg, det grenseoverskridande musikararsamarbeidet Constantinople & Ablaye Cissoko frå Iran, Senegal og Canada, «Mr. Maloya» - Danyel Waro frå Reunion, norske-engelske Barokksolistene med braksuksessen The Alehouse sessions, Kapp Verde si nye stjerne Elida Almeida, og dessutan Cimbaliband (HU), Cassie and Maggie (CA), Trio Lopez Petrakis Chemirani (ES/GR/IR) Fanfaraï Big Band (FR/AL/MA) Dimitris Mystakidis (GR) Hazelius Hedin (SE) Jyotsna Srikanth (IN/UK)  Muchacho & Los Sobrinos (ES) Majorstuen (NO) Marja Mortensson (NO) Timbila Muzimba (MZ) Son del Nene (CU) Anne Hytta (NO) 9 grader nord (NO/LK) - og fleire til.

 

-Tenk, alt dette i løpet av fem dagar, i vesle Førde! – Med årets festival har vi gjennom desse 29 åra presentert over 7000 musikarar frå rundt 135 land over heile verda. Det er det grunn til å vere stolt av, seier den avtroppande direktøren, Hilde Bjørkum. -Vi gjorde eit val ein gong, om å lage ein festival med ein klar akustisk folkemusikkprofil, som tilbyr publikum opplevingar dei ikkje får andre stadar, og som gjev ny innsikt og kunnskap om verdas kulturar og møte med fantastiske musikarar og menneske frå alle verdshjørne. Det har vore varemerket og suksesskriteria for denne festivalen i alle desse åra.   

Torill Faleide