Haustprogrammet for FolkJazzScena

swsc2.jpg

Haustprogrammet på FolkJazzScena: Sjantiar i september, sigøynarmusikk i oktober, Bornas Verdsdagar Førde og Glimesteinar - ein litterær konsert - i november. 

Den første konserten på FolkJazzScena denne hausten går i Florø laurdag 8. september. Då blir det gjensyn og gjenhøyr med verdas herlegaste sjantikor, nemleg Storm Weather Shanty Choir frå Stord. Energisk leia av Haakon Steinar Vatle, som har ein universitetsgrad i sjantiar, byr dei på ramsalte  sjømannssongar og dristige historier frå dei sju hav. Dei sju rocka stordabuane har halde det gåande i årevis, og er eit populært innslag på konsertscener over heile landet - og nokre av sine mest trufaste tilhengarar har dei i Japan!

 

Britt Synnøve Johansen og Gjertruds Sigøynerorkester

Britt Synnøve Johansen og Gjertruds Sigøynerorkester

Gjertruds Sigøynerorkester med Britt Synnøve Johansen

12. oktober kjem Gjertrud Økland og hennar sigøynarorkester til Larris Scene i Førde. Ho er til dagleg å finne i Stavanger Symfoniorkester, men sidan 80-talet har Gjertrud Økland dyrka lidenskapen sin for aust-europeisk sigøynarmusikk i sitt eige orkester. Gjennom samarbeid med leiande musikarar frå ulike tradisjonar, har dei tileigna seg dei tallause variasjonane som finst i denne musikktradisjonen, og Gjertruds Sigøynarorkester er i dag i særstilling når det gjeld å formidle kjenslene og lidenskapen det handlar i denne musikken. I samarbeidet med songaren Britt Synnøve Johansen, i det siste mest kjend frå suksessane med Piaf-oppsetjingar og Skjønnheten og udyret, blandar dei musikk dei tidlegare har gjort på kvar sin kant med nye songar ingen av dei har gjort før. Frå kvar si verd dreg dei linjer mellom sigøynarmusikk og taterviser, Piaf, tango og fado - og kvar tone og kvar strofe vert leverte med stort hjarte.

 

Full konsentrasjon på capoeira-verkstaden (2017).

Full konsentrasjon på capoeira-verkstaden (2017).

Oppleving gjennom deltaking på Bornas Verdsdagar Førde

Laurdag 17. november ønskjer vi nok ein gong velkommen til internasjonal familiefest for små og store i Førdehuset. Vi riggar verkstader, aktivitetar, verdsscene, eventyrhole, teater og kaféen Fargerike Førde. Tanken bak Bornas Verdsdagar er et oppleving gjennom deltaking. Her får born prøve seg på ulike instrument, lære seg å danse ein ny dans, synge nye songar - eller dei kan opptre på verdsscena, teikne, bli måla i ansiktet eller høyre på eventyr frå heile verda i eventyrhola. Program for dagen vert presentert seinare, men verkstadar og aktivitetar er gratis.

Den internasjonale kafeen, Fargerike Førde, som er organisert av Frivilligsentralen i Førde, har i mange år vore ein del av Bornas Verdsdagar Førde, og blir det også i år. Her får du kjøpt spennande mat frå alle verdshjørne.

Bornas Verdsdagar Førde skjer i samarbeid med skular og barnehagar i Førde, og frå 2018 er det Oslo World som koordinerer dei ulike Bornas Verdsdagar-arrangementa som vert arrangerte rundt i Norge. 

 

Berit Opheim og Gabriel Fliflet har samarbeidd i mange år - her er dei på Nordisk Klubb under festivalen i 2017. 

Berit Opheim og Gabriel Fliflet har samarbeidd i mange år - her er dei på Nordisk Klubb under festivalen i 2017. 

Glimesteinar - med Berit Opheim og Gabriel Fliflet

I november samarbeider vi med Rom for ord om Glimesteinar - ein litterær konsert som tek utgangspunkt i Johannes Gjerdåker sine attdiktingar av den islandske viseforma ferskytla i samlinga Glimesteinar av Bergsveinn Birgisson. På konserten får du både høyre den islandske forfattaren fortelje om den sterke og heilt spesielle visetradisjonen på Island - og oppleve Berit Opheim og Gabriel Fliflet framføre sistnemnde sin nyskrivne musikk til dei aktuelle visene.  

Glimesteinar vert framført fleire stadar i fylket i samarbeid med ROM FOR ORD.

Turnéliste og meir informasjon kjem.  

Torill Gundersen