Gull mellom graner

 Eli Mari Bakke Halvorsen ville nytta høvet til å ta med både Sara og Maria på konserten i Tussero, der sonen Magnus (t.v.) går. Dei var godt nøgde med opplevinga og tykte det hadde vore underhaldande. (Foto: Arve Ullebø)

Eli Mari Bakke Halvorsen ville nytta høvet til å ta med både Sara og Maria på konserten i Tussero, der sonen Magnus (t.v.) går. Dei var godt nøgde med opplevinga og tykte det hadde vore underhaldande. (Foto: Arve Ullebø)

Morgonsola kikkar inn mellom grantrea. Omlag 200 born ventar på gull i munn.

Dei veit nok ikkje at det er ei urpremiere dei skal få vera med på, der dei sit på stubbar og røter i den turre skogbotnen i Tussero barnehage. Men det er det. Dei unge artistane har aldri hatt eit slik opplegg for småborn før. Lars Fivelstad Smaaberg har rett nok undervist i folkedans i gymtimar for skuleborn, og Helga Myhr har på si side spela konsertar for born, men dei er spente på korleis det vil fungere med det Førdefestivalen no har utfordra dei til å gjera saman.

Tussero, Vieåsen barnehage ligg idyllisk oppi lia. Stiar snor seg mellom høge graner og leikeapparat laga av naturlege materialar. Ein stubbe er skore til som ein stol, klar til ei hulder eller ein tusse, ein trestokk er blitt til ein hest, og under høgt gras på ein liten haug er ei løyndomsfull dør. Skal tru kva som finst bakom den!

 Med vakre, vare vek fengsla Helga Myhr publikum i Tussero Vieåsen barnehage. (Foto: Arve Ullebø)

Med vakre, vare vek fengsla Helga Myhr publikum i Tussero Vieåsen barnehage. (Foto: Arve Ullebø)

Dei største ungane spring omkring og utforskar alt, for i dag er alle velkomne, ikkje berre dei som går fast i denne barnehagen. Men når klokka blir ni, har dei fleste sett seg ned på bakken i det naturlege amfiet framfor ein rund platting i tre. No vert det spanande. Kan nærare 200 born mellom null og sju år fylgje med på det som skal skje?

Då kjem Helga gåande med fine, rolege tonar frå hardingfela ho held under haka. Ingen store fakter, berre desse lange, drøymande tonane, som gjer det lett å tenkje at her er det tussero. Ungane sit som fjetra.

Så stig Lars fram og byrjar å fortelje: Det var ein gong ei budeie som var på stølen om sommaren…

 Lars Fivelstad Smaaberg fekk ungane med seg i ‘langedans’ mellom granleggene. (Foto: Arve Ullebø)

Lars Fivelstad Smaaberg fekk ungane med seg i ‘langedans’ mellom granleggene. (Foto: Arve Ullebø)

Han talar tydeleg og langsomt, så alle kan forstå, jamvel om han nyttar dialekta si. For her er den raude tråden i programmet: Budeia fekk sjå tre blanke, fine oksar på vollen, som ikkje høyrte til hennar buskap. Korleis skulle ho få dei til å gå vekk?

Svaret er sjølvsagt song og dans. Helga og Lars dansar til eiga tulling, rundt og rundt på plattingen, det gyngar og sviv. Og faktisk så verkar det! Oksane blir borte. Men neste morgon er dei der igjen…

 Helga Myhr og borna som vil vera med å danse ‘jagedansen’. (Foto: Arve Ullebø)

Helga Myhr og borna som vil vera med å danse ‘jagedansen’. (Foto: Arve Ullebø)

Ny dans må til. Helga spelar og Lars sparkar i gang ein halling – eller ‘laus’ som dei kallar det der han kjem frå. Armane karsleg ut, luggen vippar kjekt når han kastar på nakken, og dei svarte skinnskorne smell myndig i plattingen. No må då oksane skjøna at dei må koma seg vekk! Men nei, det er tydeleg at her trengst sterkare lut, og Lars inviterer borna til å vera med – fyrst på å syngje jagesongen. Dei får lære han bit for bit. Teksten er grei nok: deidadidadideidadidå, og ungane tek fort melodien òg.

 Lars Fivelstad Smaaberg og borna lyttar etter huldresongen. (Foto: Arve Ullebø)

Lars Fivelstad Smaaberg og borna lyttar etter huldresongen. (Foto: Arve Ullebø)

Men endå er det ikkje nok jaging, og Lars spør om nokre av borna har lyst til å koma fram og danse ‘jagedansen’. Ein haug ivrige hender kjem i været, og så blir det ‘langedans’ mellom granleggene. Dette er ein av dei eldste norske folkedansane fortel Helga Myhr oss etterpå.

 Helga Myhr spelar og Lars Fivelstad Smaaberg syner borna korleis dei kan danse. (Foto: Marianne Lystrup)

Helga Myhr spelar og Lars Fivelstad Smaaberg syner borna korleis dei kan danse. (Foto: Marianne Lystrup)

Ho er nøgd med responsen og noterte seg at ungane var flinke til å syngje. No skal dei berre oppsummere urpremieren, så er dei klare til ny runde med born i to andre barnehagar denne veka.

Og når me ruslar ut av Tussero med gull i munn, høyrer me to jenter som sit på ei huske og trallar og syng: deidadidadideidadidå.

Marianne Lystrup
ml@skriveliv.no

 

 

Torill Faleide