Førdekonferansen 2018 - PÅMELDINGA ER OPNA!

Førdekonferansen vert arrangert i Amfi Eikaas på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, og har plass til eit 100-tals deltakarar. Foto frå 2017: David Bowen 

Førdekonferansen vert arrangert i Amfi Eikaas på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa, og har plass til eit 100-tals deltakarar. Foto frå 2017: David Bowen 

FØRDEKONFERANSEN 2018:

YTRINGSFRIDOM - VILKÅR OG GRENSER

TORSDAG 5. JULI KL. 09.30-16.30 PÅ SCANDIC SUNNFJORD HOTEL & SPA

Ytringsfridomen er under press, samstundes som vilkåra og grensene for den vert utsett for debatt, på mange arenaer. Globaliseringa skyt fart og migrasjonen aukar. Menneske med ulike kulturar, normer og verdiar møtest, men enkelte kjenner seg krenka om ytringar blir opplevde som angrep på deira kultur. Kunnskap til få er makt, medan kunnskap til alle er fridom. Falske nyhende og alternative sanningar er nye omgrep som fortel oss at ytringar er avgjerande for å vinne makt.

Debatten kring desse problemstillingane er særs viktig no, med ei ny kulturmelding på trappene i 2019. I den ferske regjeringsplattforma sitt kapittel om kultur er demokrati, mangfald, maktspreiing og ytringsfridom sentrale omgrep. Ser vi konturane av ein ny blå-grøn kulturpolitikk? Kva følgjer får dei politiske vedtaka for ytringskulturen vår?

Nokre av innleiarane
Bård Vegar Solhjell, styreleiar i Norsk Musikkråd; Cecilie Hellestveit, forskar i PRIO og Morten Gjelten, direktør i NTO.

Fleire namn kjem fortløpande, og detaljprogrammet er i støypeskeia, men alt no kan du sikre deg plass på konferansen ved å kjøpe billett via TicketCo.no

 

Torill Gundersen