Førdefestivalen søkjer festivalpilotar

Som festivalpilot får du fri tilgang til heile festivalen. Foto: Knut Utler

Som festivalpilot får du fri tilgang til heile festivalen. Foto: Knut Utler

 

Vil du bli festivalpilot? 

Førdefestivalen søkjer etter 3-4 personar som kan tenkje seg å vere festivalpilotar, altså ein person som testar ut festivalen - for første gong. Vi er på jakt etter personar som ikkje er dei første til å sjekke ut programmet for den årlege festivalen i Førde, men som likevel er nysgjerrige nok til å ville finne ut kva festivalen har å by på. Og, ikkje minst, fortelje om opplevingane dine til andre!

 

Som festivalpilot får du

·         Opplæring / innføring i festivalprogrammet

·         Samlingar med gruppa

·         Kurs og fagleg innhald

·         Billettar til opningskonserten på Førdefestivalen - med følgje

·         Fri tilgang til heile festivalen

·         4 billettar til familie/vener (berre 1 per konsert/arrangement)

 

Verv ein ven og vinn festivalpass!

Kjenner du nokon du meiner bør bli festivalpilot? Tips oss, og dersom kandidaten din vert vald ut, vinn DU eit festivalpass til Førdefestivalen 2018. Om du vil søkje sjølv eller melde på kandidatar til å vere festivalpilot, sender du ein epost til: hilde.wiik@fordefestival.no - seinast søndag 4. mars.

Festivalpilotane vil bli valde ut før 22. mars 2018.

 
Torill Faleide