Møte med Silje Onstad Hålien - Får eg ikkje danse, så døyr eg.

 
 Foto: Tanja Steen

Foto: Tanja Steen

- Vi er skapte til å bevege oss, det er det vi er laga for! Det er ikkje noko som heiter «eg kan ikkje danse». Du vart fødd til å danse! -Silje Onstad Hålien er kunstnarleg leiar for nyproduksjonen “Dei gamle er eldst”. Her fortel ho om sin veg inn i dansen og om livskrafta som finst i å få danse.

Eg trur publikum kjem til å bli overraska over framsyninga ”Dei gamle er eldst”. Det er veldig mange som har sett desse dansarane i kappleikssamanheng. Men de har ikkje sett dei samla på denne måten. Det er sjølve livskrafta som kjem inn på scena. Dei har ei tyngde i dansen som vi unge berre kan drøyme om! Den visdommen dei ber på etter å ha gått så mange rundar på golvet, eg blir heilt rørt når eg skal prøve å beskrive dette. Eg føler meg så heldig! Å få stå på scena og danse med dei, som ein likeverdig, det er stort!

Berre det å sjå kroppar som ikkje er unge lenger danse på ei scene. Det i seg sjølv er sterkt. Det kjem til alle, kjensla av å vere gamal, å vere sliten, å ha vondt. Vi får ikkje til det vi greidde før. Ein av dansarane som er med, er Ingar Ranheim. Han er ein av mine verkeleg store læremeistrar. Eg hugsar så mange fine stundar der han har sett på dansen min og gjeve meg støtte, før landskappleiken til dømes. Han har lært opp så mange. Han er ein legende i dansemiljøet. Ingar har utvikla parkinson. Det er så ubeskriveleg sterkt at han er med. Han kan slite med å reise seg opp, slite med å gå. Men når musikken spelar så kan han framleis danse!

 
- Det har vorte så viktig for meg, dette prosjektet. Eg har fått møte dei alle, aleine, ein etter ein. Høyrt dei fortelje om sin veg inn i dansen, om sine liv og verdiar, om kva dansen har gjeve dei. Eg føler at eg har fått sterkare røter av å vere i lag med desse karane, og at eg sjølv har vakse både som person og dansar.
— Silje Onstad Hålien
 

– Får eg ikkje danse så døyr eg, syng Tuva ein stad i framsyninga. Det er den følelsen eg sit att med. Dei eig livskrafta så sterkt framleis, desse karane. Det er dansarar dei er! Det er ikkje mange som held følgje med dei!

- Det har vorte så viktig for meg, dette prosjektet. Eg har fått møte dei alle, aleine, ein etter ein. Høyrt dei fortelje om sin veg inn i dansen, om sine liv og verdiar, om kva dansen har gjeve dei. Eg føler at eg har fått sterkare røter av å vere i lag med desse karane, og at eg sjølv har vakse både som person og dansar. 

- Det kjem fram ein del knakande artige historier, eg har aldri skratta så mykje i arbeidet med ein sceneproduksjon nokon gong! Vi har ein koreograf som har begynt å notere ned høgdepunkta frå kvar øving og sende ut på e-post etterpå. Vi ler så vi grin! Så blir det også tid til å ”nerde” – gå inn i den og den turen eller det og det taket. – Å, gjer du det slik! Det har eg ikkje sett før, det vil eg prøve. Slik har arbeidet med framsyninga gjeve meg meir å spele på som folkedansar.

Eg synst det har gått veldig fint å vere rettleiaren deira. Eg føler at dei har ei tiltru og respekt for det arbeidet eg har gjort med å iscenesette folkedansen.

18-02-17_DE-GAMLE-ER-ELDST50.jpg

Skapte for å danse

- Vi er skapte til å bevege oss, det er det vi er laga for! Det er ikkje noko som heiter «eg kan ikkje danse». Du vart fødd til å danse! Det er berre det at vi har komme inn i ein kultur som geleida oss vekk i frå alt dette, mot eit passivt og stillesitjande tilvere. 

Eg er ein forkjempar for å få inn fleire kroppslege impulsar i samfunnet! Eg reiser for eksempel mykje med t-banen. Då kan eg plutseleg få ein impuls til å strekke på meg. Og då gjer eg det! Eg står på t-banen og strekker meg ut, armane over hovudet, oppover, framover, bakover. Det er jo heilt tabu! Men det eg opplever då, er at nokon byrjar å vri litt på nakken, kanskje rette seg opp i ryggen, puste litt djupare.

 Foto: Thor Hauknes

Foto: Thor Hauknes

For meg var det utruleg heldig at eg fann dansen, der fann eg eit rom eg kunne uttrykke meg i. Eg hadde nok anlegg for det, eg hadde gått på turn. Eg trur likevel det var litt tilfeldig, eg dreiv med måling og teikning, eg dreiv med musikk. Men med dansen: Det berre small! Plutseleg skjønte eg at eg kunne danse ut kjenslene mine, plutseleg skjønte eg at dansen kunne vera det, for meg. Eg var veldig blyg og usikker, men eg kosa meg på scena. Der tør eg å gå inn i rom som eg elles nesten ikkje tør å prate om.

 
Eg er ein forkjempar for å få inn fleire kroppslege impulsar i samfunnet! Eg reiser for eksempel mykje med t-banen. Då kan eg plutseleg få ein impuls til å strekke på meg. Og då gjer eg det! Eg står på t-banen og strekker meg ut, armane over hovudet, oppover, framover, bakover. Det er jo heilt tabu! Men det eg opplever då, er at nokon byrjar å vri litt på nakken, kanskje rette seg opp i ryggen, puste litt djupare.
— Silje Onstad Hålien
 

Eg har eit sterkt minne om ei av dei første opplevingane av dette: Eg hadde ei god veninne på vidaregåande som miste mor si i tragiske omstende. Det var så vondt, for heile klassen. Då sa læraren min: Sjå om du kan ta med deg noko av dette inn i dansen! Eg hugsar det så godt. Det var ei knallsterk oppleving. Eg hugsar bevegelsen, eg hugsar lukta i dansesalen, eg hugsar kor det vrei seg i magen. Eg kunne danse det ut!

Eg har sett det same i andre, det er som om det eigentleg ikkje er meg der på scena, eg er berre ei kanalisering, eg skaper ei form. Det er opplevinga og kjensla som gjeld. Då eg gjekk på balletthøgskulen, var det slett ikkje eg som hadde den beste teknikken i klassen, men eg hadde lært å leve meg inn i det, eg vart synleg! Det var ein koreograf som spurte meg om eg kunne dempe meg litt i uttrykket fordi eg tok så mykje plass.

 Foto: Thor Hauknes

Foto: Thor Hauknes

Det finst ikke nokon av-knapp på meg!

I ”Dei gamle er eldst” er det Tuva Syvertsen som har laga musikken. Eg er så glad i det ho gjer musikalsk! Ho har evna til å gå inn i det musikalske uttrykket og tviste det litt, dra det ut i fleire retningar, det er verkeleg ein stor styrke for dette prosjektet. Der utøvarane er så sterkt planta i tradisjonen, så kan musikken kan hjelpe oss å dra litt i forma, skape noko nytt.

Eg har aldri dansa til innspelt musikk, eg har vore så heldig at eg har fått jobba med levande musikk heile vegen. Eg vil ha musikarane opp på golvet, sjå dansarane bli trøysta og rørte av musikken. Dersom dansen skal ha ein verdi, då skal den røre ved publikum, slik musikken rører ved dansaren. Kor gamal han er. Han er fødd til å danse. Får han ikkje danse, så døyr han.

 
Andrine Faleide