Møte med Sigbjørn Apeland - For noko større enn seg sjølv

 
 Foto: Magne Sandnes

Foto: Magne Sandnes

Eg likar å vite mykje om musikken si historie. Til meir eg veit til friare kan eg forhalde meg til kjeldene i det kunstnarlege arbeidet.

Tekst: Janne Karin Støylen

Sigbjørn Apeland har ein fot i forskinga og stor interesse for historiske kjelder og kunnskapar. Han har arbeidsplassen sin ved Griegakademiet i Bergen. I 2005 disputerte han med ei avhandling om kyrkjemusikalsk diskurs, og er no tilsett som førsteamanuensis ved universitetet.

Med den andre foten, trør han pedalane på gamle orgel og let fingrane leike over tangentane. Sigbjørn Apeland skaper uhøyrde uttrykk, i den forståinga at dei er nye. Med trøorgelet som ei kjerne malar Apeland nye lydbilder ved å kombinerere tradisjonsmusikken med elektronika, jazz og anna improvisasjon.

- Eg opplever det som fruktbart begge vegar, seier Sigbjørn Apeland. Eg byrja tidleg å jobbe med improvisasjon, samtidig som eg studerte klassisk musikk. Eg arbeidde også med å samle inn lokal musikk og opplevde at til meir eg kunne, til friare kjende eg meg som utøvande musikar. Denne vekslinga har kome til å bli ein gjevande balanse for meg.

Sigbjørn Apeland har fått i oppgåve å vere musikalsk leiar for konsert-produksjonen ”Op sødeste sang” som tek utgangspunkt i kyrkjemusikalsk arkivmateriale frå Sogn og Fjordane. – Alle er svært dyktige på sine område, seier Apeland om musikarane festivalen har plukka ut til prosjektet. Eg har jobba med dei fleste tidlegare, alle så nær som Malin Alander. Men eg har høyrt mykje godt om henne, og er veldig glad for at eg får med meg ein musikar eg ikkje kjenner! Utfordringa blir å finne denne balansen mellom det tradisjonelle og ein fri og improvisatorisk tilnærming, trur eg. Heldigvis har vi god tid og gode arbeidstilhøve. Der er Førdefestivalen ein framifrå oppdragsgjevar!

 Foto: Magne Sandes

Foto: Magne Sandes

- Den ornamentikken folkesongarane våre no lærer frå tradisjonen, oppstod som improvisasjon i salmesongen i kyrkja
— Sigbjørn Apeland

- I kyrkjene var det klokkaren som styrte songen, fortel Sigbjørn Apeland. Lenge hadde ein ikkje musikkinstrument. Dette opna for ein enorm musikalsk variasjon, sjølv om mange av tekstane er ein del av den felles-nordiske og europeiske salmetradisjonen, av slike som Kingo og Brorson, til dømes. Kyrkjerommet var ein stad for utfalding og kreativitet. - Den ornamentikken folkesongarane våre no lærer frå tradisjonen, oppstod som improvisasjon i salmesongen i kyrkja, forklarer Apeland.

Korleis dette høyrdest ut, er ei anna sak. Knut Hamsun skreiv endå til eit avisinnlegg i ”Søndre Bergenhus Folkeblad” der han skildra kor ille salmesongen i Øystese var å lytte til: Han meinte songen var vill og barbarisk. ”Disse stemmer fra dybet af Norges farligste råhed,” provoserte Hamsun. Skulda delte han mellom skulemeisteren, kyrkjelyden og dei ”alderstegne bønder” som styrte bygda. I den etterfylgjande debatten, som varte så lenge han oppheldt seg i Øystese, ble han skulda for å være en ”viktigpær” med ”stuelært visdom”.

- Også salmetekstane kunne vere skrivne lokalt, men ofte av ikkje-namngjevne kjelder. Dei skreiv for noko større enn seg sjølv, ikkje for eiga ære og anerkjenning, det er slik vi tolkar mangelen på avsendarar på slike tekstar, forklarer Apeland, og held fram: - Kyrkja er ikkje ein stad for sjølvhevding og posering, når ein går inn i kyrkja går ein inn i noko langt større. Det gjer kyrkjerommet til ein stad der mykje kan leggjast til side. For den kunstnarlege skaparkrafta i mennesket har det gjeve gode vilkår, avsluttar Sigbjørn Apeland.

 

KONSERT
Op sødeste sang - Førde kyrkje, fredag 7. juli kl. 21.30

 
Andrine Faleide