FolkJazz-konsertar i februar og mars

Fredag 25. februar inviterer vi til ein sjeldan konsert med Mattis Kleppen og bassgitaren hans - på Jølstramuseet. Foto: Peter Jørgensen

Fredag 25. februar inviterer vi til ein sjeldan konsert med Mattis Kleppen og bassgitaren hans - på Jølstramuseet. Foto: Peter Jørgensen

 

I februar og mars er det duka for eit par feinsmecker-konsertar på FolkJazzScena når vi har invitert telemarkingen Mattis Kleppen og duoen Hazelius Hedin til Sunnfjord. Mattis Kleppen og hans eminente bassgitarspel vert å høyre på Jølstramuseet søndag 25. februar, og torsdag 22. mars er det Esbjørn Hazelius og Johan Hedin som får sleppe til på Larris Scene. 

 

Tett på Mattis og gitaren

Mattis Kleppen har i sin 30 år lange karriere etablert seg som ein bassgitarist med sitt heilt spesielle repertoar i skjæringspunktet mellom tradisjonell slåttemusikk frå Telemark, M'balax frå Senegal og blues. Han har utøvande doktorgrad ved jazzlinja på NTNUI i Trondheim, i tillegg til eigne plater, har han medverka på eit 30-tals platar med andre musikarar. Hans siste prosjekt er soloplata BASSGITAR (2017) - og det er denne plata som er utgangpunktet for konserten denne februarsøndagen. Mattis og gitaren - og suggererande rytmar frå Telemark, Senegal og bluesen - i låven på Jølstramuseet. 

LES MEIR og SIKRE DEG BILLETT

 
 
Johan Hedin og Esbjørn Hazelius kjem til Førde med heilt ny musikk i bagasjen. Foto: David Brohede

Johan Hedin og Esbjørn Hazelius kjem til Førde med heilt ny musikk i bagasjen. Foto: David Brohede

 

Svensk topp-duo i mars

På LARRIS SCENA torsdag 22. mars får du oppleve dei musikalske 'brødrene' Hazelius Hedin, som med sin inderlege og melodiøse folkemusikk har spelt seg inn i hjarta hos eit stort publikum både heime i Sverige og utanfor landegrensene - ikkje minst her i Norge. Duoen har også fått stor respons utanfor sjangeren. No er dei på veg med ny plate, og det er berre å glede seg til svenske danselåtar, eventyrsongar, kjærleikssongar og middelalderballadar servert i eminente arrangement og med briljant driv. Dette er svensk folkemusikk av aller beste merke. 

Og etterpå blir det dans..

Etter konserten ryddar vi dansegolvet, og inviterer til dans på ein torsdagskveld. Første del av danseøkta er det den svenske duoen som syter for musikken, og siste bolk kan du svinge deg i reinlender, vals, polka med meir til tonar frå Indre Sunnfjord Spelemannslag. Med andre ord, i kveld er det berre å ta med danseskoa - og slå seg laus! 

LES MEIR og KJØP BILLETT

 

 

 
Torill Gundersen