Møte med Bjarte Eike - Ein skål for glede & god musikk

 
 Foto: Gorm Valentin

Foto: Gorm Valentin

«Eg har site i så mange orkester der dirigentane kjem inn som tyrannar og nærast bankar den rette tolkinga inn i musikarane, eg hatar det! Det er berre musikk. Musikk skal skapast av glede.»

Musikk skal skapas ut av glädje, nynnar Bjarte Eike, og slår fast: - Eg er ferdig med karrierejaget! Eg har fått vere solist i nesten alt. Eg kan velje meg nye samarbeid med dei eg har lyst å spele saman med. No har eg sagt opp stillinga mi på musikkhøgskulen. Nye mulegheiter held fram med å opne seg for meg, eg har lært meg å stole på det. Men ikkje misforstå, eg har jobba som ein galning for å komme hit. Eg var over 30 år før eg kjøpte meg ein sofa! Eg eigde nokre feler og eit par koffertar og sov på madrassar rundt om kring hos vener og kjende, fortel den musikalske leiaren for Barokksolistene.

Bjarte Eike kjem frå Gjøvik og har utdanninga si frå Grieg-akademiet i Bergen. Her bytta han frå vanleg klassisk fiolin til historiske instrument. I 1996 avla han eksamen som første nordmann med barokkfiolin som hovudinstrument. Året etter blei han uteksaminert frå Trinity College i London med høgaste karakter. - I fjor, då plata The Alehouse Sessions – blei nominert til Spelemannsprisen, fekk eg eit hyggeleg brev og gratulasjonar med nominasjonen i kategorien country! Då tenkte eg: «Ja, det var berre  det som mangla!» Bjarte Eike ler godt. - Det viste seg å vere ein feil, men det er likevel eit bilde på kor sjangerovergripande, fritt og improvisatorisk dette prosjektet er.

Det var ikkje veldig dyrt, du kunne kom inn og høyre på det ein kalla «sessions». Ikkje særleg formelt, ope for alle, lenka opp mot ein drikkekultur, men også ein møtestad der folkekulturen fekk bryne seg og strekke seg mot dei dyktige musikarane som deltok.
— Bjarte Eike

- For å forstå historia, må vi til England og heilt tilbake til sist på 1600-talet. Landet var herja av krig både ut og heime. Kostnandane vart så store at kongen måtte stenge teatra og  musikkscenene. Det var torries mot wigs, protestantar mot katolikkar. Borgarkrigane rasa. Musikarar og forfattarar måtte bruke vertshusa som scener. Då Charles den 2. kom tilbake på trona prøvde han å finne nye, rimelege måtar å satse på musikk og kultur. Snart blei den første abonnementskonserten annonsert i The London Gazette, på ein pub som heitte «The black horse». Det var ikkje veldig dyrt, du kunne kom inn og høyre på det ein kalla «sessions». Ikkje særleg formelt, ope for alle, lenka opp mot ein drikkekultur, men også ein møtestad der folkekulturen fekk bryne seg og strekke seg mot dei dyktige musikarane som deltok.

 Foto: Matthew Long

Foto: Matthew Long

Det finst berre to typar musikk: God og dårleg!
— Bjarte Eike

- Eg hadde ei bok liggande, lenge: «The English dancing master.» Du veit, det finst ingen opptak av denne musikken. Det einaste ein kan gjere er å lese seg opp. I boka var det over tusen melodiar, ingen akkordar, ingen anvisningar. Men med ein enkel koreografi om korleis ein kunne danse til tonane. Så hadde vi etablert «Barokksolistane», nærast som eit husorkester på Larvik barokkfestival. Her fekk eg handplukke dei folka eg aller helst vil jobbe saman med.

- Vi har fantastiske workshops saman. Av og til på fjellet, av og til ute i havet, på ei øy. Vi møtest, lagar mat, dansar, spelar. Som musikalsk leiar har eg sjølvsagt siste ordet om korleis ein konsert skal setjast saman, korleis musikken skal spelast, men folk må kunne bevege seg fritt! Folk må trivast for å kunne yte sitt beste. Eg har sete i så mange orkester der dirigentane kjem inn som tyrannar og nærast bankar den rette tolkinga inn i musikarane, eg hatar det! Det er berre musikk. Musikk skal skapast av glede. Eg fann ei rammefortelling gjennom historiene om abonnementskonsertar og «sessions». Den er vid og open, men gjev likevel nettopp rammer å halde seg til og vere kreative innanfor. Det blir ein konsentrert og intens versjon i Førde, vi har berre ein time til festen vår der. Det er litt lite, ler han. Men legg til at han gler seg stort til å få opptre på Førdefestivalen, kjend som den er for å formidle det autentiske og opphavlege. Barokkfiolinist Bjarte Eike avsluttar med ei klar melding, eigna til ettertanke: - Kva vil det seie at musikken er autentisk? Du må skrive deg sjølv inn i musikken, for å formidle det autentiske. Du må gjere det slik at DU kan by på noko som DU brenn for. Det finst berre to typar musikk: God og dårleg!

 
Andrine Faleide