Ein fantastisk siste dans med Hilde

 
 Den svenske duoen Hazelius Hedin storkoste seg 706 moh, på Hafstadffjellet. Foto Knut Utler

Den svenske duoen Hazelius Hedin storkoste seg 706 moh, på Hafstadffjellet. Foto Knut Utler

Den beste konsertarenaen eg har spelt på i heile mitt liv, sa Johan Hedin om Hafstadfjellet, 706 moh, der han og Esbjørn Hazelius hadde konsert laurdag på Førdefestivalen. Slike tilbakemeldingar seier det meste om festivalen som vart avslutta søndag. -Eg er utruleg stolt over å ha fått vere med på dette eventyret som betyr så mykje for Førde og heile resten av fylket, seier Bjørkum.

-Årets festival har igjen vist at retninga vi la den gongen for 29 år sidan står seg. Vi held folkemusikkprofilen høgt, og vi får stadig meir kred lokalt, nasjonalt og internasjonalt for nettopp å satse kompromisslaust på folkemusikk frå heile verda. Det totale publikumstalet for årets festival er 25500, som er same nivå som i 2017.

Internasjonale journalistar og bransjefolk som har vore på festivalen i år, mellom anna frå The Rolling Stone Magazine, BBC3, Rai Radio 3 i Italia, er djupt imponerte over festivalen i Førde. -It’s probably the best one I ever attended, skriv den spanske fotojournalisten Ana Yturalde.

 

 Silje Onstad Hålien leia opningskonserten med stø dansesteg. Her saman med utøvarane i  Dei gamle er eldst.  Foto: Amalia Pop

Silje Onstad Hålien leia opningskonserten med stø dansesteg. Her saman med utøvarane i Dei gamle er eldst. Foto: Amalia Pop

Rekordmange på opningskonserten

Festivalen hadde rekordmange 1950 publikummarar på opningskonserten, og også dei andre konsertane har hatt godt besøk. Vêret har spelt på lag, og høgdepunkta har vore mange. Utekonserten med Fanfare Ciocarlia på Festplassen vart strålande, Barokksolistane sin Alehouse-konsert løfta taket i Storsalen, på Larris Scene var det fullpakka på dansegolvet alle kveldar, og unge Elida Almeida frå Kapp Verde skapte ekte festivalstemning i idrettshallen søndag ettermiddag.  Det har vore mange utselde hus, og folk har strøyma til festivalkursa som aldri før.

Overgjekk forventningane

-Dei nye produksjonane, Dei gamle er eldst, Op sødeste sang i kyrkja og Klangen av Astrup i Astruptunet, overgjekk sjølv dei høgaste forventningane vi kunne ha. Artistane har levert og levert, og alle som har stått på og jobba i festivalapparatet har gjort det same. Eg er overlukkeleg! Seier den avtroppande direktøren. - Ekstra glad er eg over at vi trefte planken med temaet vårt, dans og dansemusikk. Folk ville rett og slett danse. No er det min tur til å seie: Takk for dansen!

 

 
Torill Faleide