Dette gjer vi no

 Womex-cdar! Kanskje finn vi noko spennande å presentere på festivalen til sommaren?

Womex-cdar! Kanskje finn vi noko spennande å presentere på festivalen til sommaren?

 

Vi går inn i første vintermånad, og tru det eller ei, dette er også ei hektisk tid for festivalstaben i Førde! For Per Idar Almås, den nye festivaldirektøren, handlar det mykje om å finne artistar til neste festival, som altså går av stabelen 3.-7. juli. Dette blir hans første, men det er altså snakk om den 30. festivalen. I tillegg til å lage program for eigen festival, skal både direktør og andre vere til stades på fleire arrangement og konferansar i regi av andre. Her er ein liten oversikt over aktivitetane våre.

Den nye direktøren har nettopp gjennomført sin første Womex, den store internasjonale musikkmessa som i år vart arrangert i Las Palmas på Kanariøyane. Det var ingen ferie, men derimot lange dagar med full møtekalendar, og kveldar spekka med konsertar i eit fantastisk konserthus i byen. Med i kofferten heim, har vi 100-vis av cdar som no skal sjekkast ut vidare, for å sjå kva godbitar som skal komme med på plakaten til sommaren.

 
 
 Per Idar Almås i ‘speedmeeting’ på den brasilianske standen på Womex.

Per Idar Almås i ‘speedmeeting’ på den brasilianske standen på Womex.

 
 

Torsdag 1. november er vi med på den viktiget språkkonferansen Treng vi norsk? i regi av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Konferansen vert arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa i Førde, og vil ta føre seg framtida for det norske språket.

Vi er også til stades på Oslo World, som opna i går i Oslo, med ein fantastisk konsert til minne om den palestinske artisten Rim Banna som døydde tidlegare i år. I morgon deltek vi på språk-konferansen Treng vi nynorsk? Den blir arrangert på Scandic Sunnfjord Hotel & Spa.

 
 
 Karl Seglem slepper ny plate - NUNATAK - på folkelarm. Foto: Morten Lindberg.

Karl Seglem slepper ny plate - NUNATAK - på folkelarm. Foto: Morten Lindberg.

 
 

Neste veke blir det ny tur til Oslo, for deltaking på Folkelarm, det internasjonale bransjetreffet for nordisk folkemusikk, som vart arrangert første gong i 2005. Folkelarm er ein møteplass for konsertarrangørar og andre som ønskjer å følgje med i nordisk folkemusikk, og skjer på Riksscenen frå torsdag 8. november til laurdag 10. november. HER kan du sjekke ut programmet, og det er framleis høve til å melde seg på som delegat.

Sjå også: Folkelarmprisen - Meisterkonserten i Operaen

13. og 14. november blir festivalen til stades på Norsk Publikumsutvikling sin årskonferanse på Hamar, ein konferanse med meir enn 270 påmelde og har i år tittelen Publikumsutvikling 2.0.

 
 
 
 

17. november arrangerer Førdefestivalen Bornas Verdsdagar Førde for 9. gong i samarbeid med Førde kommune, Førde Kulturskule, Fargerike Førde, NOREC, Sogn og Fjordane Teater, Førde Bibliotek og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Bornas Verdsdagar Førde har ein eigen blogg der du kan lese meir om kva som skjer på denne herlege dagen på Førdehuset.

Bornas Verdsdagar Førde - på facebook

Bornas Verdsdagar-bloggen

 
 
 Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet - dette trekløveret møter du i den litterære konserten GLIMESTEINAR i Jakob Sande-tunet søndag 25. november. Foto: Øystein Haara

Bergsveinn Birgisson, Berit Opheim og Gabriel Fliflet - dette trekløveret møter du i den litterære konserten GLIMESTEINAR i Jakob Sande-tunet søndag 25. november. Foto: Øystein Haara

 
 

Siste arrangementet vårt før jul skjer søndag 25. november. Saman med Rom for ord inviterer vi då til den litterære konserten Glimesteinar, med Gabriel Fliflet, Berit Opheim og Bergsveinn Birgisson. Konserten skal vere i Jakob Sande-tunet i Dale. Her får du høyre nykomponert musikk av både Fliflet og Opheim i tillegg til Birgisson sine tekstar, gjendikta av Johannes Gjerdåker. 

 
Torill Faleide