Bornas Verdsdagar Førde - informasjon

 Populære Raymond Sereba kjem til Førde med sin afrikanske rytmeverkstad. Fest og moro!

Populære Raymond Sereba kjem til Førde med sin afrikanske rytmeverkstad. Fest og moro!

 

Bornas Verdsdagar Førde skjer laurdag 17. november frå kl. 11.30 til kl. 16.00 i Førdehuset. Her er litt informasjon - og informasjon om kva du finn meir informasjon;-)

Parkering - hugs å bruke Utstillingsplassen, der er det best plass.

Fargerike Førde - hugs kontantar dersom du vil kjøpe mat frå dei mange som tilbyr smakfulle rettar frå mange kantar av verda.

Opning - den offisielle opninga skjer kl. 11.30 i Festsalen. I år er det ordførar Olve Grotle som opnar det heile. Og saman med han står spente born frå fire barnehagar i Førde som har øvd på songar dei skal framføre i det flotte verdskoret.

Verkstadane opnar kl. 12.00 - og går fram til kl. 16.00.

Verkstadane er gratis, og kvar verkstad varer i 20 min. Dei går eit par gonger i timen, og du har lov til å vere med på same verkstad fleire gonger. Det er inga påmelding, det er berre å vente utanfor kvar verkstad, der ei klokke viser når neste verkstad byrjar. Verkstadane er fint dekorerte, så du skal få ei lite kjensle av å vere i eit eksotisk land td. når du er på Peru-verkstaden. Du MÅ berre komme og sjå!

Oversikt over verkstadane finn du HER - eller du kan laste ned Førdefestivalen-appen på mobilen din. Der finn du alle verkstadane, og kvar dei skal vere.

Eigne tider for EVENTYRHOLA og GEITEJAZZ:

Eventyrlesinga på biblioteket byrjar kl. 12.45

Geitejazz er eit teaterstykke som varer i 35 min, og vert vist kl. 12.30 og kl. 14.00

FARGERIKE FØRDE - den internasjonale kafeen, sel mat i Utstillingssalen. Hugs å ta med kontantar. Enkelte kan ha Vipps, men med kontantar er du på den sikre sida!

Og lurer du på noko, er det berre å komme i informasjonsskranken ved hovudinngangen i Førdehuset, så skal vi prøve å hjelpe deg!

 
Torill Faleide