Bornas Verdsdagar Førde - 17. november 2018

 Djup konsentrasjon på feleverkstaden med Ingrid Heieren i 2017. Foto: Arve Ullebø.

Djup konsentrasjon på feleverkstaden med Ingrid Heieren i 2017. Foto: Arve Ullebø.

 

Laurdag 17. november ønskjer vi nok ein gong velkommen til internasjonal familiefest for små og store i Førdehuset. Vi riggar verkstader, aktivitetar, verdsscene, eventyrhole, teater og kaféen Fargerike Førde

På Bornas Verdsdagar er tanken at born skal oppleve rytmar, dans og song gjennom å delta. Dei får prøve seg på ulike instrument, lære seg å danse ein ny dans, synge nye songar - eller dei kan opptre på verdsscena, teikne, bli måla i ansiktet eller høyre på eventyr frå heile verda i eventyrhola.

Sjå Bornas Verdsdagar Førde sin eigen blogg

I år kan borna mellom anna lære morosame folkesongar på songverkstad med Oline Løvlid og danse polka, reinlender og andre norske folkedansar med Brita og Gisle Kirkeeide frå Jølster. På ein annan verkstad blir du med til Afrika for å oppleve afrikanske rytmar, og Edgard Albitres tek med seg dei aller minste borna på ei eksotisk til Peru. I den koselege eventyrhola i biblioteket får du høyre spennande eventyr frå fjern og nær. Endå to verkstadar vil stå på programmet. Kva dei handlar om, avslører vi seinare.

 
 På den internasjonale kafeen Fargerike Førde får du kjøpt smakfulle rettar frå mange kantar av verda. Foto: Arve Ullebø

På den internasjonale kafeen Fargerike Førde får du kjøpt smakfulle rettar frå mange kantar av verda. Foto: Arve Ullebø

 

Eksotiske smakar

Den internasjonale kafeen, Fargerike Førde, som er organisert av Frivilligsentralen i Førde, har i mange år vore ein del av Bornas Verdsdagar Førde, og blir det også i år. Her får du kjøpt spennande mat frå alle verdshjørne.

Bornas Verdsdagar Førde skjer i samarbeid med skular og barnehagar i Førde, og frå 2018 er det Oslo World som koordinerer dei ulike Bornas Verdsdagar-arrangementa som vert arrangerte rundt i Norge. 

Verkstadar og aktivitetar på Bornas Verdsdagar Førde er gratis. 



 
Torill Faleide