BOB ny hovudsponsor for Førdefestivalen

 Liv Judit Straume, regiondirektør i BOB, signerer den nye hovudsponsoravtalen med Førdefestivalen. 

Liv Judit Straume, regiondirektør i BOB, signerer den nye hovudsponsoravtalen med Førdefestivalen. 

-No er vi der vi skal vere! Liv Judit Straume, regiondirektør BOB er klar i talen når ho skriv namnetrekket sitt på hovudsponsoravtalen med Førdefestivalen. -For oss som er heile Vestlandets bustadbyggelag er det viktig å vere til stades fleire stader, ikkje minst i Førde. Viktig er det også at vi gjennom avtalen med Førdefestivalen får formidla gode opplevingar til alle medlemmene våre. Vi knyter oss òg til ein aktør som står for kvalitet og profesjonalitet.

-Vi er utruleg glade for at BOB vel å satse på Førdefestivalen, og kjenner oss trygge på at dette er eit samarbeid som vil gje oss eit godt fundament framover. BOB er ein stor og viktig aktør på Vestlandet som vi gler oss til å ha med på laget. At LivJudit Straume kjenner festivalen så godt som ho gjer, er den beste garantien for at dette blir eit samarbeid til glede for begge partar, seier direktør Hilde Bjørkum.

Kjenner festivalen godt

Liv Judit Straume si historie med Førdefestivalen går nesten 20 år tilbake i tid, og byrja med at ho arbeidde frivillig under festivalen. Så vart ho leiar for Førdehuset, Førdefestivalen sin fantastiske hovudarena. Etter at ho vart direktør for boligbyggelaget BOiVEST heldt ho fram som frivillig, no på billettkontoret til Førdefestivalen. I den nye jobben var det heilt naturleg å kontakte festivalen for å få til samarbeid. Først gjennom ein litt mindre avtale, og no, etter fusjonen med BOB i 2014, som ein av sju hovudsponsorar for Førdefestivalen. 

Profesjonalitet og felles verdiar

-Når vi inngår samarbeidsavtalar ser vi etter profesjonalitet og andre felles verdiar. Førdefestivalen si evne som offensiv, nyskapande og engasjert er også slik vi identifiserer oss i BOB. Slik eg kjenner Førdefestivalen gjennom alle desse åra, veit eg kva dei står for, og gjennom samarbeidet vi har hatt så langt, har resten av leiargruppa i BOB også vorte overtydde om at dette er eit rett val for oss, seier Straume.  Festivalen sin posisjon i Førde er unik. Den er på alle sine lepper når dei skal fortelje om byen sin. -Folk lærer så mykje av å vere i sfæren rundt festivalen. Oppdagar ny musikk og nye kulturar. Eg trur vi blir meir opne og nysgjerrige som menneske av å ha ein slik festival i byen, avsluttar Straume, som ikkje kan tenkje seg Førde utan Førdefestivalen.

Torill Faleide