Womex er i gang

Frå 25.- 29. oktober er Førdefestivalen tilstades på den 23. utgåva av WOMEX, den store internasjonale musikkmessa som kvart år i slutten av oktober samlar tusenvis av delegatar frå heile verda til konsertar, konferansar, filmvisningar og nettverksaktivitetar. I år er messa på plass i Katowice i Polen, ein av UNESCO sine musikkbyar; ein by som byggjer seg opp som eit kultursentrum i Polen. 

I løpet av fire dagar skal direktør Hilde Bjørkum og arrangementssjef Sølvi Lien gjennomføre eit trettitals møte på jakt etter dei beste artistane for dei framtidige utgåvene av Førdefestivalen, først og fremst den komande festivalen, som går av stabelen 4.-8. juli 2018.

Førdefestivalen er ein del av den norske standen, som vert organisert av Music Norway.

Les meir om WOMEX på heimesida deira. 

Torill Faleide