Ville impulsar til nordisk festivalmeny

På sauebeitet i Sørværet: Christel frå Mitt lille kjøkken, Anne Sofie frå Naustdal Dampbakeri, Sara frå Pikant, Lene frå Naustdal Dampbakeri, Denny frå Pikant, Susanne frå Sunnfjord catering, Lars frå Pikant, den fantastisk inspirerande sauebonden Hilde frå Sørværet Villsau og Per Otto frå Coop cafe.Foto: Marit Grinaker Wright.

På sauebeitet i Sørværet: Christel frå Mitt lille kjøkken, Anne Sofie frå Naustdal Dampbakeri, Sara frå Pikant, Lene frå Naustdal Dampbakeri, Denny frå Pikant, Susanne frå Sunnfjord catering, Lars frå Pikant, den fantastisk inspirerande sauebonden Hilde frå Sørværet Villsau og Per Otto frå Coop cafe.Foto: Marit Grinaker Wright.

- No blir det meir vill lokalmat på menyane i Førde, smiler ein fornøgd gjeng frå byens matbransje på tur til Bulandet og Værlandet for å få lære om ville vekstar, tang og villsau.

-Det er spennande å fornye menyane våre med meir lokalmat, seier Christel Eide frå cateringfirmaet Mitt lille kjøkken i Bygstad. Saman med kokkar frå fleire lokale matstadar i Førde som er med i prosjektet FørdefestivalMAT, står ho ute på beita til Sørværet Villsau på Værlandet. Kokkar og sauer flokkar seg rundt sauebonde Hilde Buer, som fortel om arbeidet med desse herlege og veltilpassa dyra som beiter på Værlandet året rundt.

Turen til øyriket i vest er del av matstadane sitt prosjekt for å setje meir lokalmat på menyen under Førdefestivalen - og resten av året.

HER er oversikt over alle kaféar og restaurantar som er med i FørdefestivalMAT-prosjektet. 

Plukk Vilt-kurs på Bulandet

Tidlegare på dagen har kokkane vore ute på Bulandet, hos Liv og Lyst, der dei fekk vere med på kurset Plukk Vilt. På Bulandet gav den danske trendeksperten Anette Eckmann dei ei innføring i Naturens Spiskammers. Eckmann er forfattar og bloggar med internasjonalt ry. Også den premierte kokken og matinspiratoren Leif Sørensen, frå restaurant Koks på Færøyane, hadde mange nye impulsar å formidle til matfolket.

Maten vår har vore smakfull tidlegare også, men vi ser heilt tydeleg ein etterspørsel etter meir lokale produsentar, seier Christel Eide.

-Sjå deg om i ditt eige matlandskap og leit etter smakane du har rundt deg, sa han. Eksperten ha rlang erfaring i bruk av ulike artar av ville vekster og tang i gourmetkjøkkenet sitt, og var ein av initiativtakarane bak trenden Ny Nordisk Mat. Kokkane frå Førde fekk både foredrag, omvising og smaksprøvar på produkt frå den nære naturen, og syns dei hadde mykje igjen for turen til kysten.

-Maten vår har vore smakfull tidlegare også, men vi ser heilt tydeleg ein etterspørsel etter meir lokale produsentar, seier Christel Eide. -Det var kjekt med ein slik felles tur der vi også kunne verte betre kjende vi som er i same bransje.

Hilde og sauene: Daglig tilsyn og nærkontakt må til. Alle søyene har namn og kjem når Hilde ropar på dei. Foto: Marit Grinaker Wright

Hilde og sauene: Daglig tilsyn og nærkontakt må til. Alle søyene har namn og kjem når Hilde ropar på dei. Foto: Marit Grinaker Wright

Inspirasjon til nordiske smakar

-Her har vi fått inspirasjon til nye rettar og produkt, sett nye trendar og villsaubonden har vist oss rundt, smiler Christel fornøgd. -Målet med turen var å bli betre saman, utfordre og løfte kvarandre. Temaet for Førdefestivalen i år er Klangen av Norden, og då er det kjekt å kunne følgje det opp med nordiske innslag i menyane våre. Kva er vel meir nordisk enn villsau og tang?

Gruppa med kokkar har også hatt besøk på garden Heimtun på Sande, der Harald Eriksen skal vise rundt og fortelje om drifta. Her vart det også ein runde med plukking av ville vekstar til bruk i matlaging.

 

Torill Faleide