Velkommen til Bornas Verdsdagar Førde

Den internasjonale kaféen, Fargerike Førde, er ein del av Bornas Verdsdagar Førde, og har utsal og kafé. NB! Hugs kontantar:-)

Den internasjonale kaféen, Fargerike Førde, er ein del av Bornas Verdsdagar Førde, og har utsal og kafé. NB! Hugs kontantar:-)

Verkstadane er dekorerte, ballongar er blåst opp, rytmeinstrument er på plass, teiknearka er funne fram, og Fargerike Førde-kokkane har fylt gryter og fat. No er alt klart til å ta imot små og store til ein ny dag med kjekke verkstadar og aktivitetar rundt i heile Førdehuset. 

Program
kl. 11.30 Offisiell opning i Festsalen - mellom anna med det store verdskoret; 4 og 5-åringane frå fire barnehagar i Førde. 

Frå kl. 12.00 er verkstadane opne, og dei held på fram til kl. 16.00. 

Tips! Last ned festivalappen vår (gratis) - der får du oversikt over alle verkstadar og aktivitetar, og der er også eit kart over kvar du finn alt i Førdehuset. 

TIPS! Det er smart å parkere på utstillingsplassen!

Torill Faleide