Thea sin festivalmaraton

Thea ser føre seg ein festivalmaraton. Foto: Vegard Fimland

Thea ser føre seg ein festivalmaraton. Foto: Vegard Fimland

I årevis har Thea Hjelmeland vore med og jobba frivillig på Førdefestivalen - også etter at ho flytta frå Førde, og etablerte seg som artist. Og ho har stor apetitt på musikk frå alle kantar av verda, noko som ikkje minst kjem fram i hennar eigne komposisjonar. Midt i ein intens kreativ periode, takka ho heldigvis ja til å lage seg ei festivalløype for årets festival. Så her er den - Theas maraton-festivalløype.

Løypa mi - av Thea Hjelmeland

-Eg har vanskar med å velgje i alle dei gode konsertane, så løypa mi er litt av eit maraton! Eg vil uansett understreke mine absolutte prioriteringar; TINARIWEN laurdag på dagtid, eitt av mine favorittband eg har venta lenge på å få oppleve! Så gler eg meg til ein stemningsfull kyrkjekonsert med «Bulgarian Voices Angelite» fredag kveld, og ikkje minst afro-karibisk laurdagskveld på Sunnfjord Hotell der Førde slår seg laus og blir sveitte og lattermilde på dansegolvet! Sjølvsagt tek eg også gjerne eit dansekurs og startar laurdagen med festivalfrukosten, det er tradisjon. Nyt helga!

 

Onsdag

  • Morgonstund har gull i munn - med Aissa Tobi, kl. 09.00 - Solsida Barnehage, avd. Haugum. Gratis. 
  • Festivalfilmen: Historien om den sjenerte giganten - kl. 18:30

Torsdag

  • Morgondans med Andreea - kl. 09.00 på Thon Førde Hotel

  • Musikk i sentrum - kl. 11.00 på Gratiskonsertar på Torgscena ved Elvetorget

  • Argentinsk tangokurs - kl. 15.30 - Dag I av II
  • Opningskonsert: Nordic Sound Folk Orchestra - kl. 19.30 i Idrettshallen
  • Fadoklubb med Ricardo Ribeiro - kl. 22.00 i Hugleik

Fredag

  • Musikk i sentrum - kl. 10.30 -. Gratiskonsertar på Torgscena ved Elvetorget

  • Elle Márjá Eira Trio - kl. 11.30 i Teatersalen, Førdehuset 

  • Arvesølvet - kl. 12.00 i Høgsalen, Sogn og Fjordane Kunstmuseum
  • La Porteña Tango Trio - kl. 15.00 på Klubbscena, Scandic
  • Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre - kl. 16.30 i Storsalen, Førdehuset 
  • ComboNations - eller Songmeistermøte: Willemark / Opheim / Pirttijärvi
  • Mookomba - kl. 19.30 i Idrettshallen, Førdehuset 
  • Bulgarian Voices Angelite - kl. 21.30 i Førde kyrkje
  • DAIMH OG FOLK ALL-IN BAND - kl. 23.00 på Festplassen

Laurdag

  • Festivalfrukost kl. 08.30 på Festplassen 
  • Festivalparade - kl. 10.30 frå Førdehuset til Torgscena
  • Musikk i sentrum - kl. 11.00 - på Torgscena
  • Møt artisten: Tinariwen - kl. 13.00 i Utstillingssalen, Førdehuset 
  • Fargana Qasimova Ensemble - kl. 14.00 i Teatersalen, Førdehuset
  • Tinariwen - kl. 15.30 på Festplassen
  • Sigrid Moldestad: Samuline - frå fela flyg din song - kl. 17.00 i Storsalen
  • Talent 2017 - kl. 18.30 i Teatersalen, Førdehuset 
  • Festivalgalla - kl. 20.30 i Idrettshallen, Førdehuset 
  • Afro-karibisk dansefest - kl. 23.00 i Festivalsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

Søndag

  • Samba til Fjells: Casuarina kl. 12.00 på Rytne Gard, eller Familiedag i Førdehuset 
  • The Klezmatics - kl. 15.00 i Idrettshallen, Førdehuset
  • Titi Robin Trio - kl. 17.30 i Klokkargarden, Dale 

 

 

Torill Faleide