Sunnfjord Energi fornyar avtalen med Førdefestivalen

Konstituert marknadssjef i Sunnfjord Energi, Pål Sandal og direktør HIlde Bjørkum i Førdefestivalen signerer hovudsponsoravtale for tre nye år. 

Konstituert marknadssjef i Sunnfjord Energi, Pål Sandal og direktør HIlde Bjørkum i Førdefestivalen signerer hovudsponsoravtale for tre nye år. 

Første året Sunnfjord Energi var med som sponsor for Førdefestivalen, var i 1998. Det var den niande festivalen i rekkja og temaet var Europeiske minoritetar - tradisjonar - kulturar. På den tid var det lokale kunstnarar som fekk oppdrag med festivalplakatar, og dette året var det Astrid Wittersø som laga den. Festivalprogrammet engasjerte både publikum og presse, og gjennomgåande fekk festivalen ros og gode tilbakemeldingar! 

 

-Heilt sidan vi inngjekk dei første sponsoravtalane våre, har vi opplevd stor lojalitet frå samarbeidspartane, og det set vi stor pris på, seier direktør Hilde Bjørkum.

Interessa sponsorane viser for festivalen betyr mykje, og vi veit at mellom anna Sunnfjord Energi har brukt festivalen medvite som ein arena for nettverksbygging både internt for styre, leiing og tilsette, og eksternt i møte med andre verksemder og firma i Førde. -Fleire av sponsorane våre er flinke til dette, og vi veit at dei har ventelister når dei har kundearrangement på festivalen, seier direktøren.

-Mi heilt personlege meining er jo at det knapt kan finnast betre mingle- og nettverksarena enn ein festival som den vi har i Førde, der du kan velje og vrake i eksotiske konsertar og arrangement av ulik storleik. Og dette er jo sjølvsagt eit tilbod som er ope for alle firma og verksemder å nytte seg av. Det er berre å ta kontakt med oss for tilbod, legg Bjørkum til. 

Torill Faleide