Sparebanken Vest og Førdefestivalen underteiknar ny 3-årsavtale

Direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen og regiondirektør Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest har nettopp signert avtalen som gjer Sparebanken Vest til generalsponsor for festivalen i 3 nye år. 

Direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen og regiondirektør Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest har nettopp signert avtalen som gjer Sparebanken Vest til generalsponsor for festivalen i 3 nye år. 

Regiondirektør Tore Dvergsdal i Sparebanken Vest og direktør Hilde Bjørkum i Førdefestivalen, signerte i dag ein ny 3-årig samarbeidsavtale som gjer Sparebanken Vest til generalsponsor for festivalen ut 2020. -Samarbeidet med Førdefestivalen er ein viktig del av banken sin strategi for å støtte opp om kultur og aktivitetar som er med å gjere Vestlandet til ein endå betre plass og bu, seier Dvergsdal.

Måten Førdefestivalen har utvikla seg frå den spede starten i 1990 og fram til den internasjonale posisjonen den har i dag, er eit eventyr, og vitnar om god og visjonær leiarskap, i følgje Dvergsdal. -Kvalitet, kompetanse og truskap mot profil og verdiar er stikkord som har gjort dette mogleg, held han fram, og legg til at festivalen er ein viktig arena for Sparebanken Vest, på fleire nivå. -Vi legg både leiarsamlingar og kundearrangement til festivalen i Førde kvart år; arrangement som berre blir meir og meir populære å delta på.

-For festivalen er det verdifullt å ha langsiktige samarbeidspartar som kjenner oss og stolar på arbeidet vi gjer. Sparebanken Vest har heile tida gjort det mogleg for festivalen å utvikle seg og ta nye steg, seier direktør Hilde Bjørkum. -Heilt frå byrjinga har dei vore ein draumepartnar for oss. At dei i tillegg til å støtte oss økonomisk, også er store brukarar av festivalen, både eksternt og blant dei tilsette i banken, er ein ekstra dimensjon som styrkar relasjonen oss imellom.

 

Torill Faleide