Sigrid Moldestad & Liv Merete Kroken til Førde 23. mars

Torsdag 23. mars er det duka for ei konsertoppleving av dei sjeldne i Førde. Då dukkar nemleg to av dei finaste felespelarane våre, Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken, opp på FolkJazz-konsert på Scandic Sunnfjort Hotel & Spa. 

Heilt sidan dei møttest som studentar i det første kullet på Ole Bull Akademiet på Voss midt på 90-talet, har Sigrid Moldestad og Liv Merete Kroken dyrka lidenskapen til samspelet med kvarandre. Kjemien mellom dei oppstod momentant, og den "musikalske forelskinga" har vart ved, trass i mange år då jobb, born, familie og andre aktivitetar har gjort at duo-satsinga har kome i andre rekke. Så sant dei har fått det til, har dei møttest og spelt, og kvar gong har dei kjent at gløden i samspelet blussar opp. Like sterkt og like ekte som då dei møttest. 

Det er ikkje kvart år det skjer at Spindel duo kan halde konsert, så vi kjenner oss heldige som har fått til dette, og vi håpar sjølvsagt at publikum også vil setje pris på eit nytt møte med to av favorittdamene våre!

Her er konserten på Facebook, vi set også pris på om du likar og deler!   

 
Torill Faleide