Haustprogrammet på FolkJazzScena

TIDEKVERV med Berit Opheim, Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene. Foto: Paal Audestad

TIDEKVERV med Berit Opheim, Rolf Lislevand, Benedicte Maurseth og Håkon Mørch Stene. Foto: Paal Audestad

‘Litt festival heile året’ er mottoet for Førdefestivalen si heilårlege konsertscene, FolkJazzScena, og denne hausten inviterer vi til konsertar og arrangement både i september, oktober og november.

Heile programmet er eit resultat av at vi samarbeider med andre organisasjonar, ein festival og andre kulturaktørar: Rom for Ord, Villa Åmot, Jazz på jølst og Larris Scene - i tillegg står både barnehagar, skular og andre på for at vi skal få i hamn Bornas Verdsdagar Førde også i år.  

 

Her er haustprogrammet:

Benedicte Maurseth/Berit Opheim: TIDEKVERV
Torsdag 21. september kl. 18.30 | Ålhus kyrkje

Gangarar, springarar, ly’arslåttar og nydikta vakre balladar om sola og det mest essensielle i liva våre. Berit Opheim og Benedicte Maurseth med nytt folkemusikkverk, og herleg samspel medRolf Lislevand og Håkon Mørch Stene.  Rett etter konserten inviterer Rom for ord til litterært kveldssete på prestegarden med forfattaren Bergsveinn Birgisson i samtale med jølsterpresten Silje Sørebø.

Inspirert av Draumkvedet

Ideen til Tidekverv var det Benedicte Maurseth som hadde, og inspirasjonen kom frå det mektige Draumkvedet. -Draumkvedet si diktform, og ikkje minst det musikalske ritualet, som ligg i at kvedet i hovudsak vert framført 13. juledag kvart år sådde tanken i meg. Med Tidekverv vil vi hylle denne eldre diktforma med ny folkemusikk og framføre musikken rundt døgna då sola står lengst og kortast på himmelen, då sola snur og dag og natt er like lange: Sommarsolkverv og vintersolkverv, vårjamndøgn og haustjamndøgn, seier Maurseth.

Dei vakre tekstane i balladane er skrivne av diktarane Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt, og skildrar alt som modnar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret, som endar med omkvedet «Eg takkar deg Gud at sola snur, uansett på kva ein trur».

Musikken er arrangert i samarbeid med musikarane Rolf Lislevand, i dag rekna som ein av verdas leiande lutt-spelarar og Håkon Mørch Stene, prisløna slagverkar på høgt internasjonalt nivå. Medverknaden til desse to har farga det folkemusikalske uttrykket i Tidekverv med impulsar både frå barokk, samtidsmusikk og friare improvisert musikk.

Tidekverv vart uroppført på vårjamndøgn under Oslo Kirkemusikkfestival i år, og no vert Ålhus kyrkje ei nydeleg ramme for ein haustjamdøgn-konsert - torsdag 21. september.

 
 
Ahlberg, Ek & Roswall. Foto: Olle Melkerhed

Ahlberg, Ek & Roswall. Foto: Olle Melkerhed

Ahlberg, Ek & Roswall
Søndag 1. oktober kl. 18.00 | Villa Åmot

Ahlberg, Ek & Roswall har dei siste åra etablert seg som ein av dei mest spennande aktørane på den svenske folkemusikkarenaen. Dei er kjende for eit glitrande samspel, fantasifulle arrangement og eit stort og variert repertoar. Musikken deira har innslag av både pop og barokk, det er store klangvariasjonar, og ikkje minst – det svingar skikkeleg!

For to år sidan spelte trioen på Førdefestivalen, då med songaren Ulrika Bodén. Det går framleis gjetord om konserten dei hadde i Prestegarden i Førde som ein del av festivalens historiske blåtur på sykkel. Denne gongen er det idylliske Villa Åmot som dannar ei perfekt ramme rundt den inspirerande musikken til dei dyktige svenske musikarane

Ta søndagsmiddagen på Villa Åmot

Før konserten kan du nyte Villa Åmot nyte søndagsmiddagen i gardsrestauranten på Villa Åmot. Middagsservering skjer mellom kl. 16 og 18, og du bestiller bord via www.villaamot.no - seinast onsdag 27. sept.

Villa Åmot sin MENY søndag 1. oktober: 
Hovudrett er lammeskankar frå Harald Eriksen, Heimtun med potetpure, broccoli sopp løk og gulrot. Til dessert: Tarte Tatin med epler frå hagen på Åmot, med krem av nyr og hvit sjokolade.
Pris kr 485,- / Eigen barnemeny kr 350,- 

 
 

Ragnhild Furebotten - Never on a Sunday
Fredag 13. oktober - i samarbeid med Jazz på Jølst

(stad og klokkeslett kjem)

Ragnhild Furebotten er ein av få profesjonelle felespelarar frå Nord Norge. Men for ein musikar! Sterk og karismatisk formidlar ho nordnorsk folkemusikk med intensitet, virtuositet og musikalsk nerve. Kreativitet manglar ho heller ikkje! Alt dette kjem fram i albumet Never on a Sunday, som ho fekk Spellemannpris for i 2011. Saman med den beste blåsarrekkja i landet leverer Ragnhild Furebotten her tradisjonelt og eige materiale på ein måte som gjev publikum både «ståpels» og bakoversveis!

To av våre fremste jazzkomponistar, Geir Lysne og Helge Sunde, har hand om arrangementa. Samarbeidet mellom dei tre har kledd folkemusikken i ei ny drakt, og det boblar av energi og speleglede frå første tone. Og humor. Ragnhild Furebotten sin smittande latter byr opp dei mannlege blåsarane til improvisasjon og leik. Utan å ta munnen for full: Dette er ein (folkemusikk-)konsert utanom det vanlege! 

Ragnhild Furebotten fele | Helge Sunde trombone | Geir Lysne  trompet |
Marius Haltli trompet | Frode Nymo saksofonar | Eckhard Baur saksofonar  | Lars Andreas Haug  tuba

 
 
The Kuraybers - ståande.jpg

The Kuraybers
Laurdag 11. november kl. 21.00 | Larris Scene, Førde

The Kuraybers brukar alt dei kan om folkemusikk, klassisk, samtidsmusikk, jazz og improvisasjon når dei skaper sin balkanske festmusikk.  Kven skulle tru at ærverdige Norges Musikkhøgskule kunne fostre så viltre saker som dette? Det er energisk, friskt og virtuost på ein gong. Sju eminente musikarar som dyrkar leik og spelegede, inviterer til fest og kalas med folkemusikalske høgdepunkt frå Romania, Bosnia, Serbia og omkringliggande rike.

Det handlar rett og slett om GOD MUSIKK for alle sansar når The Kuraybers for første gong skal lage balkanfest i Førde; på LARRIS SCENE!

Daniel Lazar (Serbia) – fiolin | Almir Meskovic (Bosnia) – trekkspill | Greg Miszczyszyn (Polen) – trekkspill | Espen Wensaas (Norge) – gitar | Bjørnar Kaldefoss Tveite (Norge) – kontrabass | Boris Iochev (Bulgaria) – trommer | Ramon Figueras Alsius (Katalonia) – trompet

 
 

Bornas Verdsdagar Førde
Laurdag 25. november kl. 11.30 – 16.00 | Førdehuset

Gratis familiefestival for born i alle aldrar. Bli med på verkstadar, aktivitetetar, Verdsscena – og kos deg med mat frå heile verda på kafeen Fargerike Førde.

 

Torill Faleide