Frivillig fekk stjernejobb

Innsatsen som frivillig ved Førdefestivalen kan føre til så mangt. Hayden Powell fekk kontrakt med verdsartisten Natacha Atlas. I eit av dei mange øvingsromma i den antikvariske Biermannsgården i Oslo møter me ein smilande og venleg, ung trompetist. Hayden James Richard Powell er døypenamnet, men mellom vener er han berre Hayden.

I eit freda, sjarmerande hus på Sagene i Oslo leiger jazztrompetisten Hayden Powell øvingsrom. Her må han òg gjera kontorarbeidet, etter at han blei far, og barnet kravde sin plass der heime.

I eit freda, sjarmerande hus på Sagene i Oslo leiger jazztrompetisten Hayden Powell øvingsrom. Her må han òg gjera kontorarbeidet, etter at han blei far, og barnet kravde sin plass der heime.

Hayden Powell (33)

• Fødd på Shetland av engelske foreldre, flytta til Noreg som barn
• Utdanna ved “Jazzlinja” i Trondheim og på Norges Musikkhøgskole
• Busett i Oslo med kone og eit barn
• Har gitt ut tre album i eige namn, og spelt på rundt 30 album totalt • Opptrer jamnleg med Natacha Atlas, Eyolf Dale Wolf Valley, Solfrid Molland, Trondheim Jazzorkester
• Skriv musikk til eigne prosjekt, storband og korps
• Driv plateselskapet Periskop
• Underviser i korps og ved Norges Musikkhøgskole

Det er for så vidt originalt nok, og skriv seg frå at foreldra hans er frå England. Dei kom til Noreg då far hans fekk jobb som organist i Vestnes i Romsdal, og mora òg fann arbeid som musikar. Her vaks unge Hayden opp, og alt tidleg fann han òg ut at han ville spela til livets opphald.

Kjærleik

– Korleis havna du som frivillig på Førdefestivalen?

Han smiler og byrjar på noko som kunne blitt ei lang historie forstår me, men i stutte trekk har det med kjærleik å gjera.

– Kona mi, Kristin Støfringsdal, er frå Jølster, som ligg berre 20 minutt frå Førde. Familien hennar har alltid vore opptekne av musikk, med aktivitet i alt frå leikarring til kor og jazzklubben i bygda. Og så har dei vore frivillige under Førdefestivalen i mange år. Så då eg vart spurt om å ta del i dette, var det naturleg å svare ja, sier Hayden.

Tickell og Atlas

I to år var han frivillig. Det første året hjelpte han den engelske artisten Kathryn Tickell og i 2015 tente han som artistkontakt for den arabisk-fransk-belgisk-britiske artisten Natacha Atlas. Med sin mangslungne bakgrunn er ho som skapt for Førdefestivalen sitt internasjonale konglomerat av musikkstilar. Det var heilt tilfeldig at han fekk henne, fortel han:

– Kona mi og eg skulle vera frivillige båe to, og festivalen gav oss to artistar til fordeling. Den eine var Aastad Bråten-brørne frå Valdres, og den andre var Natacha Atlas. Det var svært ulike oppdrag, for karane frå Valdres kom køyrande med eigen bil, og greidde seg for det meste sjølve, medan Natacha og hennar gruppe trong litt meir tilrettelegging. Men eg er godt nøgd med at fordelinga vart som ho vart, smiler Hayden.

– De fann tonen, som det heiter?

– Ja, det var trivelege folk. Men at det skulle føre til oppdrag for meg etterpå, er eigentleg litt rart. For eg snakka ikkje med Natacha om at eg er trompetist. Det vart berre nemt i forbifarten til bassisten i gruppa hennar. Andy Hamill er ein supersosial fyr, som kjem veldig lett i kontakt med folk. Han blir du kompis med på fem sekund, fortel Hayden.

Med foreldre som er musikarar, skjøna Hayden Powell tidleg at det var mogleg å få eit levebrød som musikar. Valet fall på trompet.

Med foreldre som er musikarar, skjøna Hayden Powell tidleg at det var mogleg å få eit levebrød som musikar. Valet fall på trompet.

Telefon i bilen

Han må ha eit brukbart minne òg, han Andy Hamill, for ei veke etter festivalen ringde telefonen til Hayden som no var i gang med ein lag og god ferie trudde han. Dei var ute og køyrde bil og på telefonen såg han eit nummer han ikkje kjende, så han gadd ikkje ta han, men då det ringte fleire gonger, trykte han til slutt på den grøne knappen. Så var brått Natacha i øyra og spurde om han kunne tenkje seg å vera trompetisten deira på den lange Europaturneen dei skulle ut på til hausten. Trompetisten som dei hadde hatt med på plata, Ibrahim Maalouf, hadde ikkje høve til å leggja i veg, og dei trong ein erstatning. Vi snakkar 20 prestisjefylte spelejobbar!

– Godt du ikkje køyrde i grøfta!

– Det var heldigvis ikkje eg som køyrde. Ja, det var veldig hyggeleg. Det er sjeldan ein får jobb på den måten, konstaterer Hayden lunt. Så roleg reagerer ein ekte romsdaling – eller trønder kan hende, han har røter der òg etter åra i Trondheim på jazz-studiet – på oppdraget om å vera innbyttar for ei av dei store stjernene for tida.

Dermed var det farvel til ferien, og i gang med hardt arbeid. Den fyrste konserten skulle vera alt i slutten av august, og stoffet var framandt for jazztrompetisten. Sidan Natacha Atlas er halvt egyptisk, ligg det ein del kvarttonar og litt framand tonalitet og vaker i stoffet hennar.

Han smiler og byrjar på noko som kunne blitt ei lang historie forstår me, men i stutte trekk har det med kjærleik å gjera.

Sa ikkje så mykje…

– Veit du korleis dei hadde funne ut at du var musikaren dei trong?

– Dei sa at dei visste eg måtte vera god, sidan eg ikkje hadde snakka så mykje om spelinga mi. Og så hadde dei googla meg og funne ein video på Youtube der eg spelar på ein firebird-trompet. Det er eit sjelda instrument, som i tillegg til dei vanlege ventilane òg har ein tromboneliknande glidar. Med denne blir det enklare å spela alle slags tonar, og det kunne høve godt inn i deira stil, meinte dei. No enda det likevel med at eg fann alle kvarttonane eg trong på den vanlege Bb-trompeten min, men 'eldfuglen' hadde gjort nytta…

Likar å gjera noko nytt

– Det var modig å seie ja til ei slik utfordring!

– Eg er glad i utfordringar. Særleg når dei gjev meg høve til å læra noko nytt. Det kjem godt med når ein vil leva som frilansar. Så eg oppsøkte ein oud-spelar eg visste om i Stavanger, Aladin Abbas, som lærte meg dei grunnleggjande skalaene i denne musikken, og sidan vart det øving med bandet i London. Det synte seg at fiolinisten deira, Samy Bishay, i tillegg til å vera ein god instrumentalist òg er ein framifrå pedagog, så i tillegg til å øve med bandet, fekk eg privattimar med han på hotellrommet, fortel Hayden.

No er ei lang rad konsertar over, og neste oppdrag er innspeling av ny plate i London eller Frankrike i januar.

Den freda Biermannsgården hyser øvingsrom for omlag 30 musikarar. Hayden Powell er nøgd, ikkje minst fordi han bur berre 100 meter oppi gata.

Den freda Biermannsgården hyser øvingsrom for omlag 30 musikarar. Hayden Powell er nøgd, ikkje minst fordi han bur berre 100 meter oppi gata.

Ei anna verd

– Kva for røynsler har det gitt deg å vera med på dette?

– Jobbane med Natacha er i ei heilt anna verd samanlikna med det eg elles driv med. Ho er ein del av eit stort apparat med management og bookingagentar. Det gjer at dei må tenkje meir på kva som kan ha kommersiell kraft enn det eg er vant til. Dei andre prosjekta eg er med på, er gjerne tufta på ein eller annan offentleg stønad, og det gjev ein større fridom når ein skaper musikk. Eg har min eigen trio, og spelar med fleire andre grupper. I dette arbeidet styrer eg alt sjølv, frå booking til regnskap, fortel Hayden og hintar til papira og datamaskinen i arbeidskroken

Dermed var det farvel til ferien, og i gang med hardt arbeid. Den fyrste konserten skulle vera alt i slutten av august, og stoffet var framandt for jazztrompetisten.

Gøy å vera frivillig

– Eg hadde tenkt å spørje deg om kva det har gitt deg å jobbe som frivillig på Førdefestivalen, men svaret har kan hende alt gitt seg sjølv?

– Ja, men ikkje berre. Sjølve arbeidet som frivillig er gøy. Og det er godt å vera med i ein stor gjeng som dreg saman for å få til noko fint. Det kjennest som ein viktig jobb. Og så er det kjekt å treffe musikarar og andre involverte. Eg reiser sjølvsagt mykje rundt på festivalar, og der treffer vi ofte dei same musikarane i ulike konstellasjonar. Men på Førdefestivalen er det anleis. Der er det mange musikarar som du aldri høyrer på dei andre festivalane. Det er forfriskande.

Livet smiler

Ja livet har smilt til Hayden Powell i det siste. I haust har han for eksempel fått oppfylt ein draum han hadde som gut, å få spela på ei ECM-plate. Rett nok ikkje som solist, han er med i kvintetten til den finske pianisten Iro Haarla, men lell.

– Kva er den store, ville draumen no då?

Han dreg på det. Mumlar noko om tenkeboks og nytt prosjekt, men landar med føtene midt i røynda:

– Eg har fått barn. Og eg innser at det viktigaste no blir å finna ut korleis eg skal leggja opp arbeidet med musikken og samstundes vera ein god far, smiler Hayden Powell.


Marianne Lystrup (tekst og bilete)
ml@skriveliv.no


Gasta Design