Førdefestivalen - Årets folkemusikkarrangør 2017

Direktør Hilde Bjørkum takkar frivillige, støttespelarar, publikum og musikarar då Førdefestivalen mottok prisen som ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017 under bransjetreffet FOLKELARM som gjekk av stabelen 16.-19. november på Riksscenen i Oslo. Foto: Knu…

Direktør Hilde Bjørkum takkar frivillige, støttespelarar, publikum og musikarar då Førdefestivalen mottok prisen som ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017 under bransjetreffet FOLKELARM som gjekk av stabelen 16.-19. november på Riksscenen i Oslo. Foto: Knut Utler

Førdefestivalen er kåra til ÅRETS FOLKEMUSIKKARRANGØR 2017. Prisen vart delt ut på bransjemessa FOLKELARM som gjekk av stabelen i Oslo helga 16.-19. november. 

Direktør Hilde Bjørkum er svært glad for å motta arrangørprisen. -Det er mange dyktige folkemusikkarrangørar der ute, kvar med ulike kvalitetar. At Førdefestivalen denne gongen gjekk heilt til topps i kåringa, er vi sjølvsagt svært fornøgde med, og ikkje minst stolte over. Vi jobbar hardt kvart år for å formidle folkemusikk ikkje berre frå Norge og Norden, men også frå heile resten av verda. Eg her heldig og har ein dyktig stab som legg tilhøve til rette for å gje alle dei beste opplevingane, men denne prisen må vi i tillegg dele med alle våre frivillige, gode støttespelarar gjennom mange år, eit lojalt og interessert publikum - og ikkje minst alle dei dyktige musikarane vi er så heldige å få presentere i Førde! 
 

Dette sa juryen:

FolkOrg deler i år ut prisen for ”Årets folkemusikkarrangør” for sjette gang. Tidligere har prisen gått til Columbi Egg, Riksscenen, Kalottspel, Naustedalen spelemannslag og Valdres folkemusikkarrangement. I år gir FolkOrg prisen til en arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Vinneren av årets pris er en rutinert arrangør. Festivalen har satt sjangeren på kartet, både nasjonalt og globalt. Siden 1990 har festivalen vokst seg stor, og er et viktig utstillingsvindu for norsk folkemusikk mot utlandet. I mange år har festivalen blitt rangert som en av de beste festivalene i sin kategori i det internasjonale musikktidsskriftet Songlines, og er kåret til en av Europas beste festivaler både av The Guardian og National Geographic. Med over 25000 besøkende var i 2017 temaet ”Klangen av Norden!”

FolkOrg sier som Igor Dunderovic i sin artikkel i Ballade; ”Ja, greit Førde, vi er imponert!”


Om prisen

Årets folkemusikkarrangør vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei tre nominert i år var:
Førdefestivalen
Heme dine
Storefjelltreffen

Kriterium for årets utvelging var:
FolkOrg vil gje prisen for årets folkemusikkarrangør 2017 til ein arrangør som har evne til å skape interesse og entusiasme for dansen og musikken, gjennom gode arrangement.

Tidlegare vinnarar av prisen er:
2016: Valdres folkemusikkarrangement
2015: Naustedalen spelemannslag
2014: Kalottspel
2013: Riksscenen
2012: Columbi Egg

Torill Gundersen