Festivalgallaen på NRK TV søndag 12. november

Elle Márjá Eira var ein av artistane som gjorde inntrykk på årets festivalgalla i Førde! 

Elle Márjá Eira var ein av artistane som gjorde inntrykk på årets festivalgalla i Førde! 

Førdefestivalen er både stolte og glade over å vere ein del av Hovedscenen sitt program på NRK TV i november. -Vi har i fleire år satsa stort særleg på opningskonserten og gallakonserten under festivalen, og i år satsa vi på ein fullverdig TV-produksjon med 10 kamera i sving, fortel direktør Hilde Bjørkum. Alt saman er planlagt, gjennomført og produsert av Førdefestivalen sitt mannskap, leia av festivalen sin mangeårige produsent, Erlend Hagen, som driv firmaet Kulturhagen på Ål i Hallingdal. -Det har vore ei storsatsing utan sidestykke for festivalen, og no ser vi fram til å sjå det ferdige resultatet på TV! 

Artistane på gallakonserten er: La Porteña Tango Trio, Casuarina, Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre, The Klezmatics, Elle Márjá Trio, Fargana Qasimova Ensemble, Mamadou Diabaté og Folk All-in Band. 

Festivalgallaen ut i verda

Festivalgallaen har i mange år vore festivalen sin største konsertproduksjon, og i tillegg til å bli vist på Hovedscenen på NRK TV søndag 12. november (kl. 19.45) og i reprise dagen etter, vil ein konserten også bli sendt på MEZZO TV, ein internasjonal betal TV-kanal seinare i år eller på nyåret.  

Programmet kan du sjå på vanleg tv søndag 12. november kl. 19.45 eller i reprise dagen etter. Du kan også sjå det via nrk.no, der det vil vere tilgjengeleg også ei viss tid i etterkant. Programmet er dessverre berre tilgjengeleg for sjåarar i Norge. 

Førdefestivalen rettar ei ekstra takk til gode samarbeidspartar som gjorde denne TV-satsinga mogleg: Sogn og Fjordane Fylkeskommunie, Sparebanken Vest, Førde Industri og Næringssamskipnad og Sunnfjord Hotel AS. 

TIL OMTALE PÅ NRK.NO

Torill Faleide