Livestream frå festivalgalla

Førdefestivalen ut i verda- livestream frå gallakonserten

I 27 år har verda kome til Førde, no er målet å snu det, og sende Førdefestivalen ut i verda! 

Festivalgallaen er vår største konsertproduksjon og i år blir den historisk. I år skal det nemleg lagast 10-kamera TV-produksjon. Og heile konserten vert strøyma via nrk.no, til heile verda. 

Sjå sak på NRK.no

Artistane på festivalgallaen kjem også frå heile verda, og går på scena for å gje deg ein festkveld i særklasse: La Porteña Tango Trio frå Argentina, Casuarina frå Brasil, Xabier Díaz & Adufeiras de Salitre frå Spania, The Klezmatics frå USA, Elle Márjá Trio frå Sapmi, Fargana Qasimova Ensemble frå Azerbaidjan, Mamadou Diabaté frå Burkina Faso og Folk All-in Band frå Sverige. Konferansier er Annbjørg Lien.

Livestream til heile verda

For alle som ikkje har høve til å vere i salen på kveldens festivalgalla i Førdehuset, vil det vere mogleg å sjå konserten via NRK.no (sjå lenkje under), og ikkje berre i Norge, men i heile verda. Konserten startar kl. 20.30 lokal tid.

For 27 year the world has come to Førde. Now it’s time to bring the Førde Festival to the world. And this will happen at tonights festival gala, that will be livestreamed through www.nrk.no to all corners of the world. So for all of you who are not able to be in the big festival hall tonight, you’ll be able to follow a 10 camera TV-production from where you are. The concert - and the live stream - starts at 8.30 pm local time.

Torill Faleide