Värttinä

SS_20140630_Paanajarvi_Varttina_7732-viena_style - Seppo Samuli (2).jpg

Simon Broughton grip tak i den finske gruppa Värttinä og talar med dei om karelisk påverknad i deira nyaste utgjeving Viena.


Viena, tittelen på Värttinäs 13. studioalbum er eit ord fullt av innhald for finnar, men ordet treng litt forklaring for andre. Viena er ein stad; ikkje ei feilstaving av hovudstaden i Austerrike, meir noko i retning av Midgard. Medan Tolkiens stad for å la historia The Lord of the Rings utspele seg er fiktiv, er det kareliske Viena verkeleg – på hi sida grensa til Russland, i den russiske provensen Karelia, ein stad som er blitt stadig lettare tilgjengeleg.

"Det er så stilt der," seier Mari Kaasinen, ei av stiftarane av Värttinä. "Stilla var noko… berre fuglar. Mest skremmande." Overraskande nok var turen til Viena Karelia i 2014 – inspirasjonen for den nyaste plata deira – hennar første. "Som å søkje røtene sine," seier ho.

Den mest suksessrike folkemusikkgruppa i Finland, Värttinä, vart stifta av systrene Sari og Mari Kaasinen i 1983. Basert i den vesle byen Rääkkylä i det austlege Finland, byrja gruppa å syngje det tradisjonsrike kareliske repertoaret i regionen. Frå tidleg på 90-talet, då kjernemedlemmer i gruppa studerte ved Sibeliusakademiet i Helsinki, fekk dei eit skarpare preg med sterk kvinneleg identitet. Den meir samtidige musikkstilen gav dei større internasjonal merksemd. Dei har turnert i Japan og Brasil og har arbeidd med AR Rahman med musicalen Ringenes Herre. Gjennom åra har nokre av medlemmene vore bytta ut, men kjernen har heile tida vore tre kvinnelege vokalistar i front, og mannlege medlemmer i bandet.

Songarane i Värttinä må vera allsidige og heilhuga. Dei tre stemmene vev seg inn i kvarandre og bytar plass. Av og til kan dei ikkje ein gong sjølve seie kva for ein del av verket dei syng.

"Det er fred på desse strender
Der det glødar i fritt vatn
Mot horisonten; husa på stranda
Teiknar seg mot den uendelege himmelranda, attmed vatnet."


Dette er ord som Mari Kaasinen syng i "Taivasranta" (Den Himmelske Stranda), opninga av Viena, inspirert av ei vitjing i Haikola, ein av landsbyane på ei lita øy i ein innsjø. "Det er ein song om naturen," seier ho. "Det er rett og slett så mykje natur der. Så mykje skog, så mykje himmel. Men det er òg trist at folk må flytte frå staden, fordi dei ikkje har arbeid der. Dersom det er ein bodskap, må det vera at vi burde vera byrge for dette området, som er så nær oss, og likevel så fjernt.

Kvifor er Viena Karelia så viktig for finnane? På engelsk er området kjent som White Karelia, etter Kvitesjøen som elvane renn inn i. Det går attende til nasjonsbygginga i det 19. hundreåret, då Finland reiste seg mot fleire hundreår med svensk og russisk dominans. Ei nykkelrolle i dette hadde Elias Lönnrot (1802-1884) som reiste i Viena Karelia og gjorde opptak av songane og runepoesien som han samla i Kalevala, det finske nasjonaleposet som vart utgitt i 1849. Mesteparten av poesien som gjekk inn i Kalevala blei samla inn i landsbyane i Viena Karelia. I Lönnerots fotefar kom det kunstnarar, folkeminnegranskarar, songsamlarar, og ei heil rørsle av Karelisk kultur blei fødd.

 

 
Det er fred på desse strender
Der det glødar i fritt vatn
Mot horisonten; husa på stranda
Teiknar seg mot den uendelege himmelranda, attmed vatnet. Dette er ord som Mari Kaasinen syng i “Taivasranta” (Den Himmelske Stranda), opninga av Viena, inspirert av ei vitjing i Haikola, ein av landsbyane på ei lita øy i ein innsjø.

Karelia er særskilt fascinerande på grunn av at kombinasjonen av dei primitive levekåra og dei poetiske tradisjonane som hadde blitt borte i resten av Finland, levde rett over grensa til Russland. Det var som å røra ved kjeldeutspringet av finsk kultur. "Det er kareliske dialektar på båe sider av grensa. Dei har aldri vore ein del av Finland, men det er det same folkeslaget," seier Kaasinen. "Det er svært naturleg for meg å skrive tekster i den kareliske runesongtradisjonen." Metrikken i Kalevala er lett å kjenna att (som Longfellows Hiawatha) og poesien er full av alliterasjon og repetisjonar. Kalevala har sjølvsagt påverka musikarar i Finland i årevis, frå Sibelius til tungmetallband, og mange folkemusikkband til liks med Värttinä.

Mari Kaasinen blei fødd inn den kareliske kulturen i Rääkkylä, og ho seier at dialekten og poesien ikkje er så ulik det ein finn i Viena Karelia. Kulturen er felles. "Forskjellen er at i Viena Karelia er han framleis levenade, men det er han ikkje i Rääkkylä." Det er same årsak som hugtok Lönnrot for nærare 200 år sidan. Det som dessutan har halde kulturen ved lag i desse landsbyane, er at under Sovjet-tida var dette grenseområdet utilgjengeleg ikkje berre for utlendingar, men også for borgarane i Sovjet, om dei ikkje hadde særskilt løyve, og det gjorde at alt fraus i si tid. Ikkje før det byrja kome folk der på tidleg 90-tal, endra det seg.

Värttinäs nye songar, Karoliina Kantelinen, som byrja i gruppa i 2013, er spesialist på songmåten dei nyttar i Vienaregionen. Så sumaren 2014 då Värttinä heldt konsert i Kuhmo under Sommelo Festivalen, tok dei ein ti dagar lang ekspedisjon inn i Viena Karelia. Det var fyrste vitjing for Mari Kaasinen og songaren Susan Aho. I Russland hadde dei vitja mange av dei gamle landsbyane og runesongarane, og det hadde sett sitt preg på den nye plata.

"Fyrst lærte eg songane frå Viena Karelia frå arkivopptak – opptak frå 1915," fortel Kantelinen. "Og for ti år sidan fekk eg høve til å reise dit. Eg drog til Jyskyjärvi og møtte songaren Helmi Rekina. For henne song eg ein joik frå det nordre Karelia, og ho sa til meg at stemma mi høvde godt til Karelisk joiking (ulik samisk joik). Då dei var der, samla Rekina åtte veteransongarar i Uhtua. "Dei song for oss og vi song for dei." Men Helmi Rekina døydde i oktober, så det tynnast i rekkjene av tradisjonsberande runesongarar.

 
På ein måte er det vår soge saman med Viena Karelia. Vi har lært at vi burde knyta oss til naturen meir enn vi gjer. Og vi har funne fred her.

Dei møtte også Raija Zabrotskaya i landsbyen Vuokkiniemi, og hennar velkomstsong, 'Raijan Joiku' (Raijas joik) er no blitt arrangert for tre stemmer, slik at dei læt nærast bulgarsk med sine tette harmoniar. I si opphavelege form er joikar berre for einskilde røyster, og det er røft å høyre på.

'Du er velkomen her
Min høgvelbårne, mine ærbare gjester
Å ta del i vår glade fest
Å feire dagen.'

Denne velkomstsongen opna konserten i Helsinki, der Värttinä slepte plata si. Kvinnene, kledde i kraftfullt raude skjørt, hadde tonefylgje av fiolin, trekkspel og gitar. Viena blir kalla fram gjennom ein bryllaupssong, ein artig arbeidssong om veving, ei sjamanistisk spåkvinne som fer med magi, og ei rad songar om natur, inkludert fuglar – særskilt Ukonlammas (The Thunder Bleater). "Det er ein mystisk fugl, som du høyrer når det kjem torever," seier Kantelinen. "Han gjev eit merkeleg skrik, og vi høyrde det mange gonger."

Viena Karelia er eit hardt og nådelaust landskap, der det er få vegar, og endelause sjøar og skogar. Om sommaren er det vakkert når solnedgongen møter morgongryet og lyset bryt gjennom trea som speglar seg i sjøen. Men det er mykje mygg. Om vinteren er sjøen mørk og frosen. No for tida er landsbyane så godt som folketome, skjønt sume stader kan ein merke at turismen har bremsa fråflyttinga. Karelianismen i siste halvdel av det 19. hundreåret har synt eit romantisk bilete av regionen. Det merkar ein òg på Värttinäs Viena, jamvel om dei strevar for å unngå Kalevalanostalgien.

Ein av songane som er full av skumringsmelankoli er 'Ikuikävä' (Lengt), som kjem frå eit møte med runesongaren Vera Kieleväinen i Vuonninen. Denne landsbyen var ein av dei rikaste kjeldene for innsamlinga til Lönnrot. Her var det to skaldar, Ontrei Malinen og Vaassila Kieleväinen, som framførte kjernestoff som fann vegen inn i Kalevala, særskilt om helteskalden Väinämöinen.

"Vera er over 80 år gamal og bur primitivt åleine midt i skogen," fortel Kantelinen. "Ho er svært einsam, ventar ved vindauget på at nokon skal koma, men ingen kjem. Ho har tre søner, men dei er travle. Ho fekk oss til å leggje merke til kor heldige vi er med alt vi har ikring oss og som vi tek som sjølvsagt. Ho har så lite, og endå er ho gåvmild og har eit ope sinn. Det er på ein måte litt trist. Og på ein måte, med denne vedvarande lengsla er ho som eit symbol for heile staden." Songen skildrar korleis ho ventar ved glaset, tårene hennar og lengsla etter det neste livet.

'Morgonen bryt fram, nådefull under vindauget
Eg burde vore på kyrkjegarden, via i vatn
Med furukvistar for alltid, på ei messingseng
Tukka inn, med ævelege tepper ikring meg.'


"På ein måte er det vår soge saman med Viena Karelia. Vi har lært at vi burde knyta oss til naturen meir enn vi gjer. Og vi har funne fred her."


Omsett av Marianne Lystrup
ml@skriveliv.no