Tre unge musikk- og dansetalent heidra med Sparebanken Vest sin Musikkpris for 2016

Jawana Thayaseelan og Mira Thiruchelvam frå Sri Lanka og Gutu Abera frå Etiopia vart i kveld heidra med Sparebanken Vest sin Musikkpris for 2016. Prisen er på 20 000 kroner, og dei tre unge musikarane mottok prisen på opningskonserten på Førdefestivalen torsdag kveld.

 

Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth

Jawana Thayaseelan er frå Sri Lanka og kom til Førde i 2006. Ho har dansa tradisjonell hinduistisk dans sidan ho var lita jente. Sidan ho dansa for eit stort publikum for aller første gong med Fargespill i 2008 på Førdefestivalen, har ho vore ein sentral dansar i ensemblet.  

Mira Thiruchelvam har også anene sine frå Sri Lanka. Ho kom inn i Fargespill i 2013 og har sidan sett sitt preg på framsyningane som ein del av bandet. Ho spelar tradisjonell tamilsk fløyte, og imponerer med krevjande vokalperkusjon. Etter å ha opptredd åleine og saman med andre i mange år, etablerte ho nettopp bandet 9 grader Nord, som har hyppige konsertar i Bergen.

Gutu Abera kom frå Etiopia til Norge som flyktning i 2010. I januar i år var han solist på den TV-sende gallakonserten i høve Kongen og Dronninga sitt regentjubileum. På opningskonserten i Førde har han igjen rørt publikum til tårer.

Dei tre unge musikk- og dansetalenta har gjennom fleire år vist kva store ambisjonar dei har, både på eigne vegne og på vegne av ensemblet dei alle  er ein del av, Fargespill. Dette multikulturelle eventyret som starta i Bergen for 12 år sidan, har no ti søsterprosjekt i norske byar, og tre i Sverige. Gjennom sine framsyningar har dei samla ti-tusenvis av menneske til konsertopplevingar i Operaen, ved Grunnlovsjubileet, på Førdefestivalen og seinast ved Regentjubileet.

Foto: Oddleiv Apneseth

Foto: Oddleiv Apneseth