Møt Mor Karbasi - ein av temaartistane på Førdefestivalen

Mor Karbasi 

Mor Karbasi 

Ein av årets temaartistar er ladinosongaren Mor Karbasi. Ho har marokkansk-sefardiske røter, vart fødd i Jerusalem, og bur no i Spania. Simon Brougthon i tidsskriftet Songlines møtte Karbasi på ein heilt spesiell stad, i samband med festivalen i Fes i Marokko; og snakka mellom anna med ho om det å ha tre fedreland.. Fredag 8. juli kan du oppleve Mor Karbasi og hennar ensemble i Idrettshallen i Førdehuset.

Intervjuet er omsett av Marianne Lystrup. Foto: Simon Broughton


Sirkelen er slutta

Det brenn alt eit lys på grava, og Mor Karbasi tenner sitt eige frå det. Blant tusenvis av kvitvaska graver, som berre liknar geometriske sylinderformasjonar på den jødiske gravplassen i Fes, fins det somme som er litt meir dekorerte. Dei fleste av desse tilhøyrer spesielle rabbiar, men dette er grava til Sol La Tsadika (Sol den Rettferdige) ei ung jødisk jente som vart avretta i 1834.

 
«Eg har lengta så lenge etter å koma hit og møta henne», seier Karbasi. «Eg kjenner det ikkje som om eg kjem for å møta ein helgen, det er som om eg møter ein venn.»
Fes 2014 154.JPG

Ho byrjar syngje songen 'Sol La Tsadika', tittelsongen på det nye albumet hennar: 'Eg, Herre, vart fødd hebrear, og som hebrear må eg døy.' Kvar frase i songen formar ein boge, lik sjølve grava med sine dekorative, grøne ornament i kantane. Medan Karbasi mjukt formar orda i det gamle spanske språket ladino, let eg augo gli over dei blendande kvite gravene, dei krakilerande, honningfarga veggane og det forrevne landskapet kring mellahen– det gamle, jødiske kvarteret. Songen let til å vera heime.

Fes 2014 201.JPG
 
‘Då Sol såg blodet sitt dryppa,
Sa ho med sin siste pust:
Eg vil ikkje verta muslim
Hald fram med dei vonde handlingane, du svikar!’

Sol Hachuel (La Tsadika) vart fødd i Tanger og det finst fleire variasjonar av hennar historie. Den versjonen som er rissa inn på fransk på grava hennar fortel at ein av sønene til sultanen fekk henne kjær og lova henne rikdom og ære om ho vende om til islam og gifta seg med han. Sol avslo og sa at 'gull, sylv og ære kan ikkje ta plassen til trua'. Til slutt vart ho offentleg halshogd som 17-åring – jamvel om det let til at alle trega at det enda slik. Venleiken hennar, æra og heltemotet har gjort grava hennar til eit pilegrimsmål – overraskande nok både for muslimar og jødar.

«Ein av dei viktigaste årsakene er at ho ikkje hadde born», forklarar Karbasi. «Ho døydde då ho var svært ung og det har ei kraft ved seg avdi ho ikkje fekk sjansen til å utfalda livet sitt. Folk trur at ho kan hjelpe dei med å få barn. Mange muslimar trur at ho konverterte, difor er ho dyrka frå båe sider».

Sol Hachuel verkar som ei sørgeleg heltinne, men kraftfull i dette at ho nekta å forlata trua si. Og jamvel om det ikkje er noka komfortabel forsoning i songen, er deltakinga hennar på Fez Festival of Sacred Music eit godt påskot for Mor Karbasi å koma dit og utforske sin marokkansk-jødiske herkomst. «Eg kom hit for å feire musikken saman med familien min og finna ut kor eg kjem frå.»

Karbasi vart fødd i Jerusalem og etter det mora fortel, byrja ho å syngje før ho var eitt år gamal. Ho budde i Jerusalem til ho var 18, der ho studerte piyuttim (hebraiske, religiøse songar) og lytta til flamenco, før ho gjorde teneste som songar i den israelske hæren. Saman med gitarist og make Joe Taylor budde ho fem år i London og no har ho slått seg ned i Sevilla.

«Mor mi er frå ein marokkansk sefardisk familie som ikkje heldt språk eller tradisjon i hevd, men slektsnamnet vårt er frå Spania. No bur eg i Spania der alt byrja og eg kjenner det som om ein sirkel er slutta. Då eg fyrste gongen kom til Marokko, hadde eg den same rare kjensla som i Spania – at ein del av meg er her alt, og eg er komen for å møta den delen».

Jødane kom til Marokko samstundes med romarane, så det var jødar her lenge før arabarane kom og lenge før jødane vart kasta ut av Spania under åra som toppa seg i den kristne gjenerobringa i 1492. Det var omlag 250,000 jødar i Marokko då staten Israel vart etablert og det vart store bylgjer av emigrasjon i 1948 og etter marokkansk sjølvstende i 1956. Etter dei russiske, er marokkanske jødar den største nasjonaliteten i Israel. I Marokko er det no berre omlag 3000 jødar, dei fleste av desse i Casablanca, og berre nokre få familiar og berre ei synagoge i drift i Fes.

Fes 2014 208.JPG

Mora til Karbasi, Shoshana, er sitert i tekstheftet til La Tsadika. «Både du og eg har tre fedreland», seier ho. «Det første er her [Israel], der vi vart fødde. Det andre er landet vi vart fordrivne frå: Spania. Vårt tredje fedreland er stadene i Afrika, som forfedrane våre reiste friviljug frå, då dei fylgde hjarto sine i lengsla etter Jerusalem.»

Av dei 12 songane på Karbasis album er ni marokkansk-sefardiske – dei fleste av dei lærte frå Nasjonalbiblioteket i Israel sine opptak av songaren Flora Benamor. «Eg vart interessert i sefardiske songar då eg var rundt 16 år gammal», forklarer Karbasi. «Eg hadde alltid vore interessert i gamle songarar og feltopptak fordi eg meiner at nivået var høgare mellom dei gamle songarane enn det er i dag. Sume av desse forfylgde meg – ei av dei har lyden av ein baby i bakgrunnen, men dei er berre melodiar og tekster og det var ein lang prosess å avgjera kva eg skulle gjera med dei og korleis eg skulle arrangere dei for musikarane mine». I høve 'Sol La Tsadika' har ho berre valt nokre få bitar av ein lang, forteljande song og lagt til eit omkved: 'Å, det smertar meg å tenkje på tida då Sol forsvann'.

Kan hende uunngåeleg har sume av songane, som 'La Gallarda' og 'Yo Me Levantara' fått ein farge av flamenco med gitaren til Salvador Guitierrez og klappande palmas.  Båe er songar der den kvinnelege hovudpersonen myrdar elskaren sin, men dei har ei mystisk fortrylling ved seg. Andre har meir preg av Mellom-Austen, med kamancheh og dei handlar om tradisjonelle handlingar som til dømes ritualet med å bada brura. Kvinner har vore sentrale i overføringa av den sefardiske kulturen og det er kvinnelege songarar som Flory Jagoda i USA, Françoise Atlan i Frankrike og Ruth Yaakov og Yasmin Levy i Israel som har vore dei best kjende i seinare år.

Det finst òg meir personlege, nyskrivne songar – på spansk. 'Mi Niña me Trajo la Mar' (Veslejenta mi bragte meg havet) er laga av Karbasi sjølv, om hennar veslesyster. Og 'Ladrona de Granadas' (Granatepletjuven) har tekst av mora til Karbasi om då Mor som vilter ungjente gjekk på slang i hagane i Jerusalem. «Eg såg dei raude granatepla, klatra opp i treet og ein gammel mann ropte til meg frå vindauget sitt. Mor mi lika forteljinga og skreiv teksten».

Karbasi sin konsert i Fes vert halden i eit stort rom i eit historisk hus i medinaen. Det er heilt arabisk-andalusisk i stilen, med fliser, orientalske bogar og ei plaskande fontene midt i rommet. Dei skrur av vatnet før konserten startar, men eg ville gjerne hatt lyden av henne, og av fuglane i skumringa som ein bakgrunn til musikken. «Eg har venta så lenge på å koma til Marokko og syngje desse songane for dykk», seier ho, «fordi det er heimen deira». Med ein kvartett av musikarar på gitar, cello, kontrabass og trommer, freistar ikkje Karbasi å framføre songane på autentisk vis, men får dei til å tala til eit nytt publikum. Ho får ei fantastisk varm mottaking.

'Ditt andre fedreland har spor som føtene dine fylgjer utan at du bed dei', seier Karbasi si mor, og det er eit av desse spora som har ført henne til 'Sol La Tsadika'-songen og gravplassen på mellaen. «Sol var berre eit barn då ho vart avretta, og dei skriv om henne som om ho hadde stor visdom og var ein helgen. Men ingen veit korleis ho var. Ho er ganske sjeldan, for i jødisk tru er vi ikkje så opptekne av martyrar. For oss er livet heilagt. Eg veit at dei er store i islam og kristendommen. Eg bur i Sevilla og det er kyrkjer for både den eine og den andre martyren overalt. Eg kjem ikkje på nokon annen jødisk martyr, i alle fall ikkje ei kvinne».

«Kva tyder denne songen for deg?» spør eg. «Det er blitt slik at det kjennest som eg kjenner henne og talar til henne som ein venn. Ho betalte ein svært høg pris. Ho var eit offer for ein politisk situasjon og eg trur alle trega hennar død»

Då Mor Karbasi og eg går, brenn det to lys på Sol LaTsadika si grav og ei anna kvinne kjem for å syne henne respekt.


Omsett av Marianne Lystrup
ml@skriveliv.no