Rundebordskonferanse om religiøst mangfald

Fredag 8. juli 12.00-14.00 

Stad: Musikkrommet, Førdehuset (2. etg) - Fri entré

Ein av dei nye konsertproduksjonane på festivalen er kyrkjekonserten Syriske bøner - Syrian Prayers, som er eit samarbeid mellom festivalen og Kirkelig Kulturverksted. Som eit ledd i dette samarbeidet arrangerer vi også ein rundebordskonferanse, der vi stiller spørsmålet om vilkåra for religiøst mangfald i ein region i oppløysing. Kva er utfordringane? Kva kan representantane for dei ulike religionane bidra med for å vise at dei anerkjenner kvarandre? Kan ein trekke røynsler frå andre land, t.d. Noreg, når det gjeld modeller for religionsdialog?

Dei som deltek er: Ivar Skippervold, kjend som lærar, musikkskulerektor, frilansforfattar, musikar og artist, og no sokneprest i Den norske kyrkja; Bushra Ishaq, norsk-pakistansk samfunnsdebattant, lege og forfattar. Ho fekk Fritt Ord Prisen i 2010 for sitt store engasjement for interreligiøs og interkulturell dialog.

Medverkande i kyrkjekonsertproduksjonen deltek også, og moderator er Erik Hillestad i Kirkelig Kulturverksted.