Syrisk-ortodoks messe i Førde kyrkje.

Syrisk-ortodoks messe blir feira i Førde kyrkje tidleg sundag morgon frå kl 08.00-10.00. Truleg er det fyrste gong slik messe blir feira her til lands.

Det er sume av artistane på konserten Syriske bøner, som Førdefestivalen skipar til fredag kveld i Førdekyrkja, som har bede om å få halda messe også. Dei høyrer til den syrisk-ortodokse kyrkjelyden i Zahle, som ligg i Bekaa-dalen nord for Beirut. Songen er ein sentral del av alle messene deira, men det viktigaste er sjølvsagt forvaltninga av sakramenta. Det syrisk-ortodokse kyrkjesamfunnet er det einaste i verda som framleis held liturgien på arameisk, Jesu eige morsmål.

Fader Jaques som syng heime i kyrkja i Zahle der han er prest.

Fader Jaques som syng heime i kyrkja i Zahle der han er prest.

 

– Kvifor vil de halda messa dykkar i Førde kyrkje?
– Vi tenkte at det var lenge å vera fem dagar utan å halde messe. Vi kom hit på onsdagen, og reiser heim sundag. Når vi er heime, har vi messe kvar dag, forklarar fader Jaques. Han er presten i kyrkja deira, og ein av songarane i koret som er med på konserten fredag kveld. Bakgrunnen hans er frå Syria, men han har budd mange år i Libanon og har funne kona si der.

Han blei svært glad då han fekk ja på spørsmålet om dei kunne få halde messe før dei reiser heim sundag. Ikkje berre for deira eigen del, men også med tanke på at det kan vera fint for norske kristne å feira messe saman med dei. Det blir eit unikt høve til å feira messe saman med folk frå den syrisk-ortodokse greina av dei kristne i verda. Gresk-ortodokse finst det fleire av i Noreg, men dei har ein svært ulik måte å halde gudsteneste på, meiner Fader Jaques.

Her er Fader Jaques og Oud-spelar Aboud Zeino saman med songarar i koret. Frå ei innspeling i Zahle i vinter.

Her er Fader Jaques og Oud-spelar Aboud Zeino saman med songarar i koret. Frå ei innspeling i Zahle i vinter.

– Korleis ser du på om norske lutheranarar vil gå til nattverd med dykk på sundag?
– Det er svært hyggeleg om dei vil det. Eg ser nattverden som eit fellesskapsmåltid mellom alle som er døypte, og vonar vi kan feire denne messa saman.

– Kva vil du gje oss gjennom å feira denne messa her?
– For det fyrste vil eg be Gud om å hjelpa og signa dette landet, og for det andre vil eg be folk her om å elske Gud. Når ein ser alt som skjer i verda i desse tider, kan hende særleg i Midtausten, er det svært viktig å tenkja igjennom korleis ein skal handle. Det er mi bøn at de må vera sterke og vakne og gjera det som er rett her i dette utruleg vakre landet dykkar, seier Fader Jaques.

Sundag reiser han heim til Libanon og utfordringane der. Landet er på brestepunktet etter å ha teke imot over ein million flyktningar. Omlag kvar fjerde som bur i Libanon no er flyktning. Mellom anna har alle prisar auka dramatisk, både på mat og husvære.

Messe frå kyrkja i Zahle.

Tekst, foto og video: Marianne Lystrup