Tusseskap til vekst og glede

Tekst: Marianne Lystrup

– Vi må ta tusseskapen tilbake og bruke han til noe fornuftig!

Den over heile Noreg fargespelande artisten Ole Hamre kom med oppfordringa framfor ein sal full av kulturbyråkratar og ordførarar under Førdekonferansen torsdag.

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

Hamre er kjent for sitt arbeid med kulturfenomenet Fargespill, som har skapt stor glede landet rundt i fleire år. Så han skulle vera ei god kjelde når ein vil kasta lys over korleis ein kan mobilisere kulturens kraft i den endringa vi som samfunn no står oppe i, slik konferansen i år har sett seg føre.

 

Vi treng det

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

FOTO: HEIDI HATTESTEIN

– Matematikk er vårt mest presise språk. Difor treng vi det. Kunst vårt minst presise språk. Difor treng vi det. Mistar vi kunsten, mistar vi det eine auga og blir ute av stand til å krysspeile, og til å oppleva djupna. Men nett det er i ferd med å skje i skolen i Noreg, sa han.

For ei tid sidan vart han oppnemnt til leiar av ei ekspertgruppe som skulle sjå på dei estetiske faga i skolen. Det vart ei deprimerande oppleving. Lærarane var fortvilte over korleis desse faga har vorte nedprioritert dei seinare åra. Årsaken dei viste til, var at rektor ikkje ville prioritere det. Men bak rektor står både skoleeigarar, politikarar, og ‘folk’. Så kan ein lure på kvifor ‘folk’ ikkje meiner kunst og kultur er viktig, og Hamre tok på vegne av kulturarbeidarane på seg skulda:

– Folk synest ikkje at kunst og kultur er viktig fordi vi ikkje har klart å gjera oss viktig. Vi har ikkje klart å koble kunst og kultur til hardcore samfunnsutvikling. Ikkje klart å kobla oss til pengane. Det er krevande, for mest all verdi som ligg i kunst og kultur er immateriell. Men det er då utruleg at vi har late teknokratane stikke av med eigedomsretten til begrepet innovasjon. har vi sove i timen.

FOTO: DAVID BOWEN

FOTO: DAVID BOWEN

 

Kva har du?

FOTO: DAVID BOWEN

FOTO: DAVID BOWEN

Direkte til tema om kunst og integrering peika han på at kunsten alltid ser etter det som er mogleg. Når vi presenterer Fargespill, er det alltid som eit kunstprosjekt, ikkje eit sosialprosjekt. Men det er eit kunstprosjekt som får sosiale konsekvensar. Kunsten spør alltid: Kva har du? Eit sosialt prosjekt spør alltid: Kva manglar du?

Det er spørsmålet ‘kva har du?’ som får fram krafta i framsyningane våre. Det er kunstens ibuande ressurs som endrar liva deira, og liva våre som publikum. Ungane står ikkje på scena fordi vi skal hjelpe dei. De er der fordi vi treng dei. Ingen andre kan gjera det dei gjer, sa Hamre.

Han minte om at mykje av motviljen mot flyktningar har rot i kjensler. Men nett kjensler er kulturarbeidarane sin arena.

– Vi forvaltar kjenslene sitt språk. Dette er vår arena som vi ikkje må overlata til andre. Det grensesprengande, paradoksane, ja tusseskapen – vi må ikkje overlate slikt til manipulerande politikarar og religiøse fundamentalistar, erklærte Ole Hamre, og i god kulturell ånd, slutta han av som han byrja, ved å få forsamlinga med seg i song. 

 

Ja, vi skal forandre

Førdekonferansen heldt vidare fram gjennom dagen, med ei rad engasjerte innspel frå folk med ulik bakgrunn og kompetanse. Frå Nordic Black Theatre kom informasjonssjef Dominic Wilson og fortalde om vellukka satsingar når ein berre vågar seg utanfor dei vante boksane. Og som svarte eit rungande ja på spørsmålet om invandringa skal forandre norsk kultur. Med grunnen at den norske kulturen alt er farga av tradisjonar med utgangspunkt i andre land.

Åtte år

FOTO: DAVID BOWEN

FOTO: DAVID BOWEN

Frå Iran kom Mahmoud Farahmand som åtteåring. No er han talsperson for LIM – Likestilling, Integrering, Mangfold, og aktiv politikken i Porsgrunn. I sitt innlegg peika han på at alle kommunar har aktivitetar som ein kan nytta i integreringsarbeidet, frå fotball og dans til korps. Ved å ta del i slikt, blir det lettare å lære seg dei sosiale kodene og forstå kjerneverdiane i den norske kulturen.

 

Ros til Florø

Ein kommune som har fått mykje ros for sitt integreringsarbeid er Florø. Dei var representerte ved rådmann Terje Heggheim, som viljug delte gode råd med forsamlinga. Han nytta eit bilete frå Astruptunet, måla i 1924, som forkynner: ‘Eit godt tre ber god frukt’.

– Det er eit godt bilde på integrering. Skal du flytte eit tre, må du ta med deg noko av røtene, elles kan det ikkje bera frukt. Men det må òg vera rom for nye, friske greiner. Og som det er sagt, born må ha både røter og vengjer. Men mange av dei einslege, mindreårige asylsøkjarane som kjem til Noreg, har aldri fått prøvd seg på eit einaste vengjeslag, sa han, og la til at i ei ideell verd skulle ingen vera einsleg mindreårig asylsøkjar, men som det noe er, er verda ikkje nokon god plass å vera for mange born.

 

 

Dette er alle foredragshaldarane: 
 

Ole Hamre, musikar og komponist. Ein av gründerane bak Fargespill. 

Hamzeh Alsheiko, vitskapeleg assistent ved Sosiologisk institutt ved Universitetet i Bergen. Kom til Norge som syrisk flyktning for halvanna år sidan. 

Mahmoud Farahmand, talsperson for LIM (Likestilling, Integrering og Mangfold)

Dominic Wilson, informasjonssjef ved Black Box Theatre.

Terje Heggheim, rådmann i Flora kommune.

Silje Grastveit, kaospilot og sosial entreprennør. Hadde ansvar for workshopen med problemstillinga "Korleis kan vi mobilisere kulturens kraft for best mulig integrering og inkludering?"

Hallgeir Isdahl, konserndirektør CSR Sparebanken Vest

Himanshu Gulati, statssekretær i Kulturdepartementet.

Foto: heidi hattestein

Foto: heidi hattestein