Møt artisten: Faytinga

Det skulle bli eit gripande møte med den stolte artisten frå Eritrea. For publikum vart det mildt sagt tydeleg at flyktningane sin situasjon er mykje enklare å snakke om enn å leve i.

Intervjuet med Faytinga, eller Dahag Faid Tinga som ho eigentleg heiter, vart leia av Dore Stein, ein journalist frå San Francisco som er produsent i radiokanalen Tangents Radio. Han starta praten i den triveleg dekorerte Utstillingssalen på Førdehuset med å snakke om instrumenta til artistane. Dei haldt fram ein infusjon av ei harpe og ein gitar, og ei tromme som ein gong har vore eit graskar. Vidare gjekk temaet over til folkegruppa Faytinga tilhøyrer, nemleg Kunama-folket. Ho viste tydeleg at ho var stolt av sine røter.

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

 

Det var nok ikkje så mange i salen som forsto orda i sangane til Faytinga, men bodskapen, den fekk vi med oss. Det er noko så skjørt og så intenst ved den stemma og det ansiktet når ho syng. Ved Dore Stein sitt neste spørsmål skulle vi kome nærmare innpå kvifor. Det skulle vise seg at ein av musikarane til Faytinga ikkje fekk høve til å kome til Førdefestivalen. Orsaka er at han ventar på å få avklart asylsøknaden sin i Sverige. Det har han venta på i to år.

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

 

Straks Faytinga begynte å snakke om dette vart ho svært opprørt. Korleis er det mogleg at menneske ikkje kan bevege på seg fordi nokon ikkje vil gje dei papir ? Ho snakka om folket sitt, heimlandet sitt, krig og flyktningar. Kvifor må folk ha det så forferdeleg ? Dei må ha hjelp! Publikum satt som frosne i stolane sine med store auge og høyrde på dei sterke, forlangande orda til artisten dei var komne for å bli kjende med. Då Faytinga til slutt tok til tårene, var det som om vi forsto at den intensiteten i sangen vi hadde høyrt tidlegare først no ville bli forståeleg for oss.

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

Tekst: Kamilla Mygland Storaker