Kursa på Førdefestivalen er opne for påmelding

Førdefestivalen tilbyr som vanleg kurs for store og små, for danseglade og songglade - og i år også for dei som er glade i sirkus! 

Kursprogrammet i år omfattar eitt kurs som går over to daga (2 timar kvar dag), nemleg for dei som vi lære seg zorbaen ein gong for alle. Er du nysgjerrig på den kvervlande sufidansen, har du også sjansen i Førde, og for andre danseglade er det mogleg å hive seg med på lynkurs både i norske runddansar og colombianske danser. Felles for dansekursa er at dei høver like godt om du kjem åleine eller med partnar; dansesko og danslyst er alt som trengs! 

Camilla Granlien har songkurs for dei som vil utvikle stemma si og lære nye folkesongar, og har du born som drøymer om å bli sirkusartistar, eller iallfall lære seg litt "sirkuseri", må du sikre dei plass på sirkus kurset med Circus Raj frå Rajasthan med det same. 

SJÅ KURSOVERSIKT 2016

NB! Påmelding/betaling skjer via KJØP BILLETT-knappen som ligg nedst i omtalen av kvart kurs.