Kom på festivalfrukost - vinn ein kokk!

Saman med Kokkenes Meisterlaug og Bondens Marknad Førde inviterer vi til gratis frukost på Langebrutorget under rådhustaket! Det vert bufféar med mat og drikke, og vi kan vel ikkje kalle oss musikkfestival utan å servere noko frukostmusikk attåt!

I år som i fjor kan du vinne ein kokk heim! På frukosten vil du ha høve til å delta i ein quiz der du kan vinne ein kokk frå Kokkenes Mesterlaug, som kjem heim til deg for å tilbrede og servere ein festmiddag til deg og dine gjester.

Ein festmiddag heime hos deg sjølv, laga av kokkar frå Kokkenes Mesterlaug, kven vil vel seie nei takk til det? 

Konkurransen og premien er i regi av Kokkenes Mesterlaug, og er sponsa av Coop.