Kjersti vann kokk heim

Kjersti Veiteberg Eide (th) vart den glade vinnar av KOKK HEIM. Her blir ho gratulert av Hilde Wiik (tv)i Førdefestivalen, og Bodil Erdalsdal (midten) i Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane.  Foto: Heidi Hattestein.

Kjersti Veiteberg Eide frå Førde vart den heldige vinnaren av festivalfrukost-kvissen laurdag morgon på festivalen. Ho kan dermed invitere inntil 8 personar på ein 3-rettars middag og få to kokkar frå Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane heim til å lage maten. Maten vert sponsa av Coop Mega Førde. Vinnaren får sjølv bestemme dato og meny for selskapet.

Rett svar på kvissen: 

Vi stilte spørsmål om når den første Førdefestivalen vart arrangert, og svaret var 1990.

Så bad vi om namn på to av samarbeidspartane på festivalfrukosten, og her var vi ute etter Bondens Marknad Førde og Kokkenes Mesterlaug Sogn og Fjordane.