Høgfjellswoodoo på Førdefestivalen!

publikum i staseleg lokale.jpg

Kultur og natur i vakker samklang, kva kan vera betre?

Kvart år legg Førdefestivalen lista høgt for publikum til ein av konsertane: Berre dei som tek seg til toppen av Hafstadfjellet får oppleva han. I fjor fekk fjelltravarane høyre mongolsk strupesong og fleirstemte tenorar frå fjella på Sardinia. I år byd dei på woodoomusikk og tilsvarande dans frå fjellandet Haiti, når Chouk Bwa Libète let det stå til 706 meter over havet. Deira musikk blir kalla mizik rasin, har preg av ulike stilar. Tekstenehandlar om utfordringar i kvardagen, og har gjerne politisk brodd.

Tekst og foto: Marianne Lystrup

Turen til toppen startar med buss frå Langebrutorget, ein mils veg langs E39 i retning Bergen, oppover Halbrendslia til Langeland. Der tek apostlane sine hestar over og gje seg naturen i vald. Det finst ikkje pysing i høve veret. I fjor skein sola så det draup, og mange fekk seg ei fabelaktig oppleving i fjellet.

Eg gjekk høgt opp på banen og klistra meg på turleiar Kjell Kleiven og dotter hans, Julie på 12. Bak oss på skogsbilvegen trava ei gruppe franskmenn, ein senete svenske, nokre barnefamiliar og andre som såg ut til å ha svært ulike føresetnader for å trivast i bratt lende. Men alle la på, og innimellom innvilga Kleiven oss små pauser. Ved Hundsrasta, der det er lagt fint til rette for uteliv, og der born og vaksne grillar, badar og kosar seg om somrane, fekk sume dyppa det heite hovudet i elva før vi la i veg vidare. Ei monaleg skogsdrift hadde laga djupe sår i vegen, men til gjengjeld fekk vi supa inn angen av nyfelt tømmer der vi gjekk og heiv etter pusten. Jaja, det var ikkje alle som heiv etter pusten då! Sume har betre kondis enn andre. Og særleg borna som var med, sprang på lette føter i sikksakk i framom oss.

Julie fortalde at ho har vore med på turen fleire gongar før, og det var nok mest av omsyn til meg at ho pusta litt og sa at ho var litt trøytt då vi kom fram. Det var i alle fall ikkje noko å seie på høgda i gledeshoppet hennar.

– Julie er ei sprek jente, skjønar du, fortel Kjell Kleiven som har vore turleiar for Førdefestivalen sin konserttur i fire år. Til dagleg er han yrkessjåfør, så han meiner det er godt å koma seg ut og få rørt seg litt.

– Ho har òg vore med på andre, lengre fjellturar heilt sidan ho var bittelita. Dei siste fem åra har ho vore med og vandra fem dagars turar frå hytte til hytte i Jotunheimen og Rondane. Då ho var 11 år, fullførte ho sin første «Sju-Fjellstur», han går opp på fjella kring Førde kvart år og er omlag fire mil lang, 3000 høgdemeter opp og 3300 meter ned. Det er ein tur som tek 13-14 timar, seier faren.

– Kva gjev det deg å vera turleiar for festivalturen

– På desse turane treffer eg folk frå fleire nasjonar, gjerne folk som ikkje er vant med å gå så mykje i slik natur. Det kan sjølvsagt òg vera ei utfordring for ein turleiar. Ellers er det no kjekt å vise fram den fine naturen som vi er so heldige å bu midt oppi, samt det å sjå kor dei nyt tilværet når dei er komne på toppen og får med seg den fatastiske konserten og atmosfæra, seier Kjell Kleiven.

Under Førdefestivalen er det andre som syter for songen, så ein kan berre setje seg ned og nyte. Og vakrare scene skal ein leite lenge etter, der ein sit under den digre radio- og TV-sendaren og let augo kvile på Førdesnipa, Blånipa i Naustdal eller gli heilt til Gjegnalundsbreen og Gjegnen bakom artistane. Snur ein hovudet litt, kan ein sjå Viefjellet og innover i Angedalen over mot Jølster og fjella der.
frukt å få.jpg

Den herlege kjensla av å endeleg koma fram etter oppturen, skriv eg gladeleg under på. Og ho vert ikkje mindre av at ein blir møtt av blide representantar frå Indre Sunnfjord Turlag, som serverer ferdig oppkutta frukt. Det smakar som vatn i ørkenen. Dette turlaget er det største av turlaga i Sogn og Fjordane, både når det gjeld aktivitet og med sine 1500 medlemmer, fortel Kleiven. Kvart år set dei punktum for året med tur til Hafstadfjellet på sjølvaste nyttårsaftan, der dei brenn bål og syng saman.

Under Førdefestivalen er det andre som syter for songen, så ein kan berre setje seg ned og nyte. Og vakrare scene skal ein leite lenge etter, der ein sit under den digre radio- og TV-sendaren og let augo kvile på Førdesnipa, Blånipa i Naustdal eller gli heilt til Gjegnalundsbreen og Gjegnen bakom artistane. Snur ein hovudet litt, kan ein sjå Viefjellet og innover i Angedalen over mot Jølster og fjella der. Eller på hi sida, mot Halbrendsnipa og Fureviknipa og vidare ut Førdefjorden der han snor seg majestetisk ut mot havet.

Og ned att – alle fjellturar går både opp og ned – kan ein velje om ein vil ta vegen ned til Bruland, og bli frakta vidare med turbuss, eller om ein vil gå stien som går mest beint ned til Førde sentrum. Han er bratt så det held, det er ikkje få kilo folk i Førde har kvitta seg med langs denne.

Men i år kan ein kanskje satse på litt woodoo i staden...

HER kan du lese om dei som skal spele på Hafstadfjellet i år!