Haustprogrammet på FolkJazzScena

Hausten på FolkJazzScena er i gang. I september fekk vi oppleve duoen Odde & Holmen i Ungdomhuset Skogstjerna i Markane i låven på Jølstramuseet. Det vart akkurat ein slik lekkerbisken av ein konsert som vi håpa. Dei to drivande gode formidlarane av folkemusikktradisjonar frå Valdres og Gudbrandsdalen, leverte så det heldt, og mange fornøgde publikummarar sikra seg også eit signert eksemplar av den ferske plata deira, Sumarmorgon.

 

 

Solfrid Molland i Førde kyrkje

Den neste konserten på programmet i haust, er med pianist, komponist og songar Solfrid Molland, som også er plateaktuell. Ho sleppte plata Forvandling 30. september og kjem til sin aller første konsert i Førde med eit knippe über-dyktige musikarar, nemleg Hayden Powell på trompet, Mats Eilertsen på kontrabass og Torbjørn Økland på gitar. Konserten med Solfrid Molland er i Førde kyrkje søndag 23. oktober kl. 20.00. Billettane er i sal på TicketCo.no.

Plata Forvandling har fått strålande kritikkar, mellom anna i avisa Vårt Land, der Olav Solvang skriv:

Det er ikke mange slike plater, som hensetter lytteren til en tilstand hvor alle sanser skjerpes, virkeligheten rykker nærmere, og tiden liksom stopper. Det er en sjelden oppdagelse. På coveret står det: «Midt i skogen finnes en uventet glenne som bare den finner som har gått seg bort» (Tomas Tranströmer). Foruten en stemme som gir gjenklang i våre dypeste strenger, bidrar musikerne Hayden Powell (trompet), Mats Eilertsen (kontrabass), Torbjørn Økland (gitar og mandolin), og Nils Økland (fele) med et florlett musikalsk bakteppe.

Les heile platemeldinga i Vårt Land her

Bygdebladet Tysvær, i Solfrid Molland sin heimkommune, kallar plata eit meisterverk, og gjev den terningkast 6!

 

Bornas Verdsdagar Førde 2016

I festsalen og utstillingssalen er det Frivilligsentralen og Fargerike Førde som steller i stand den tradisjonsrike internasjonale kafeen, der du kan nyte mat og smakar frå heile verda. I Festsalen får du også sjå born og unge opptre på Verdsscena.

 

Samarbeid med Rom for Ord i november

I slutten av november samarbeider FolkJazzScena med Rom for ord, nynorskbyen Førde si satsing på formidling av nynorsk litteratur, om tre poetiske konsertar med Benedicte Maurseth og Ruth Lillegraven. Før ho i det heile har gjeve ut noko diktsamling, vert Ruth Lillegraven av mange kalla dronninga av nye dikt. No kjem den første samlinga, og det er samband med det at Rom for ord har invitert ho til Sunnfjord, der ho skal møte born og unge på dagen, i skuletida, medan ho på kveldstid vert å høyre saman med folkemusikaren Benedicte Maurseth.

Her er tid og stad for konsertane:

Trivelshagen på Sandane - fredag 25. november kl. 20.00
Jakob Sande Løa - laurdag 26. november kl. 20
Svidal grendehus - søndag 26. november kl. 15

Her er det også andre lokale samarbeidspartar som er med, nemleg Gloppen og Jølster bibliotek, og Nynorsk-misjonen i Dale. 

Du finn meir informasjon om konsertane på Rom for ord si facebookside

Torill Faleide