Gåveforsterkingsmidlar til Førdefestivalen

Terje Isungset - Arctic Ice Music, Førdefestivalen 2016. Foto: Geir Birkeland.

Terje Isungset - Arctic Ice Music, Førdefestivalen 2016. Foto: Geir Birkeland.

 

Førdefestivalen er svært glade for å få midlar frå gåveforsterkingsordninga. Det kjennest godt å få betalt for arbeidet vi gjer mot sponsormarknaden. Mitt håp er at denne tildelinga kan inspirere andre kulturarraktørar til å styrke dette arbeidet, og ikkje minst håpar eg det kan inspirere andre private gjevarar å gå inn med økonomisk støtte til gode kulturføremål, seier direktør Hilde Bjørkum i ein kommentar til meldinga om midlane frå gåveforsterkingsordninga.  

 

Her er pressemeldinga frå HØGRE/FRAMSTEGSPARTIET/VENSTRE/KRISTELEG FOLKEPARTI i høve tildelinga: 

Fakta: Førde Internasjonale Folkemusikkfestival får 256 250 kroner i forsterking av ei gåve på 1 025 000 kr frå Sparebanken Vest. Pengane skal styrke drifta av Førdefestivalen og Førdekonferansen 2016. Dette er det første tilskotet Førde Internasjonale Folkemusikkfestival mottek frå gåveforsterkningsordninga. 

 -          Gåveforsterkningsordninga bidreg slik nok ein gong til å forsterke ei uvurderleg og stadig aukande privat gjevarglede. Det er ekstra gledelig å sjå at Førdefestivalen får nytte av denne ordninga og at private gjevarar støttar dette unike og viktige arrangementet i vårt fylke, seier Bjørn Lødemel (H).

-          Frivillig innsats i norsk kulturliv er svært viktig. Førdefestivalen engasjerer 350 frivillige kvart år, difor er det ekstra hyggeleg at regjeringa bidreg gjennom gåveforsterkningsordninga. Den gjer at finansieringa av kulturfeltet ikkje berre blir prega av statlege tilskot, men det også blir eit dugnadsprosjekt mellom private gjevarar og staten som trår til med ytterlegere midlar, seier Lars-Svein Drabløs, fylkesleder i Sogn og Fjordane FrP.

-          Det er kjekt å sjå at pengane vi har løyvd til denne ordninga også finn vegen til Sogn og Fjordane. Private gåver gjev kulturlivet fleire føter å stå på, og eg er glad for at Stortinget no er med og forsterkar slike initiativ. Gåveforsterkningsordninga har vore eit viktig kulturpolitisk tiltak for Venstre å få på plass i mange år. Eg er veldig nøgd med at vi har fått til dette saman med regjeringa og samarbeidspartia, og at dette no kjem Folkemusikkfestivalen til gode, seier Sveinung Rotevatn, Stortingsrepresentant (V).

-          Fylkesleiar i KrF, Trude Brosvik seier: KrF er svært nøgd med denne typen konkrete utslag av gåveforsterkingsordninga. Det er viktig for KrF at dette er ei supplement til anna offentleg finansiering.

Førde Internasjonale Folkemusikkfestival er eit flaggskip i norsk kultur, og løftar fram den verdsvide folkemusikken. Der talespråk kan bygge stengsler, opnar det universelle tonespråket opp mellom folkegrupper. Difor får også arbeidet rundt festivalen ein tilleggsdimensjon i å vise vegar til god samhandling på tvers av landegrenser og kulturar. Dei er verd kvar krone!

Om gåveforsterkningsordninga
Museum som får en pengegåve frå private gjevarar kan søke Kulturdepartementet om statleg gåveforsterkning på 25 prosent. Det er sett av 45 millionar kroner til ordninga inneverande år. Gåveforsterkingsordninga omfatta opphavleg museer. I 2016 er ordninga utvida til å omfatte fleire område av kultursektoren som gåver til musikk, litteratur, scenekunst, visuell kunst og kulturby.