FØRDEKONFERANSEN 2016

 
Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Oppsummering av Åslaug Timenes Bell
 

Kulturens kraft i eit samfunn i endring var den høgaktuelle overskrifta for Førdekonferansen 2016. Sterkt personlege, fagleg interessante og engasjerte innlegg prega konferansedagen, og opna opp for høgst ulike innfallsvinklar til temaet. Gjennomgangstonen i ordskiftet var likevel felles: For eit samfunn i endring er kultur, både i materiell og immateriell form, utan tvil ei viktig kraft. Utfordringane ligg i korleis privatpersonar, organisasjonar og politiske institusjonar greier å bruke kulturen sine rom som møtestader for inkludering, vekst og utveksling av impulsar.

Førde-ordførar Olve Grotle ønskte vel åtti konferansedeltakarar velkomen med å konstatere at samfunnsendringar står på agendaen på både lokalt og globalt nivå. Hans eigne erfaringar frå lokalt kommunereformarbeid tilseier at det finst sterke krefter mot samfunnsendringar. Grotle poengterte at ein ofte tenkjer på endring som noko radikalt, men i enkelte situasjonar kan derimot det å bevare ting slik dei er, forståast som minst like radikalt. Grotle oppmoda om å bruke konferansen til å søkje perspektivskifte, toleranse og kunnskap – om ein ikkje alltid er einige, må ein uansett anstrenge seg for å prøve å forstå kvarandre.

- i enkelte situasjonar kan derimot det å bevare ting slik dei er, forståast som minst like radikalt.
— Olve Grotle, ordførar i Førde

Kristin Hille Valla, styreleiar for Førdefestivalen, oppfordra deltakarar og innleiarar til å tenkje kreativt og kritisk rundt konferansen sitt tema. Med eit så dagsaktuelt tema i sentrum kan det vere krevjande å løfte blikket og få avstand til det ein diskuterer. For at samtalane om temaet skal bli konstruktive, er det difor viktig å skape felles forståing av ord og innhald. Valla trekte fram ordet mangfald som døme på eit viktig, men vanskeleg omgrep å einast om innhaldet i. Mangfaldsomgrepet er sentralt og verdifullt å bruke, både i denne diskusjonen og i samfunnet elles, men problematisk om det vert tillagt ulikt meiningsinnhald. I denne samanhengen ønskte styreleiaren å bruke mangfald for å skildre den positive variasjonen i tilværet; eit ideal å etterstreve.

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Ryggmargsrefleksjonar

I det første konferanseinnlegget baud Fargespill-grunnleggar Ole Hamre på latter og allsong, men òg undring og ettertanke med sine ryggmargsrefleksjonar. Hamre tok utgangspunkt i at alle former for kunst er ytringar, og dermed språk. Kunst er eit upresist, mangetydig språk, motsett av matematikk, som er eit presist språk. Menneska treng desse to ytterpunkta, for det er i kryssinga mellom fornuft og kjensle, oppleving og analyse, presisjon og refleksjon, vi utviklar oss. Dersom vi misser denne kryssmoglegheita, misser vi såleis evna til utvikling. Difor treng vi ei jamn satsing på det presise og det upresise, kunst og matematikk.  

Hamre viste til undersøkingar i skule-Norge, som syner sterk nedprioritering av kunstfaga sin plass i skulen. Sidan alle prioriteringar blir gjort ut frå nytterekning, kan nedprioriteringa av kunstfag komme av at ein ikkje har greidd å kople kunst og kultur til konkret samfunnsnytte, til pengar og helse. Ein har ikkje greidd å gjere kunst og kultur viktig. Kunst- og kulturaktørar har såleis store synleggjerings- og nytenkingsutfordringar, og tilsvarande store moglegheiter. Nøkkelen ligg i innovasjon – eit omgrep teknokratane, ifølgje Hamre, urettvist har fått ta hevd på. Slik treng det ikkje vere. Kunsten har nemleg rikeleg med innovasjonsmoglegheiter. For kunsten søker alltid moglegheiter, og er i sitt vesen ein ressurs.

 
Nøkkelen til at Fargespill lukkast, ligg i at det nettopp ikkje er eit sosialt prosjekt, men eit kunstprosjekt.
— Ole Hamre, Fargespill-grunnleggar

Med denne appellen som bakteppe, viste Hamre til Fargespillprosjektet og dei sosiale konsekvensane av det. Hans overtyding er at nøkkelen til at Fargespill lukkast, ligg i at det nettopp ikkje er eit sosialt prosjekt, men eit kunstprosjekt. For deltakarane er dette ein vesensforskjell. I kunsten spør ein etter kva eit menneske har, medan sosiale prosjekt ofte spør etter kva det manglar. Gjennom Fargespill får deltakarane bidra med det dei har, sine ressursar. Grunntanken er at om du blir sett på som ein ressurs, så vert du ein ressurs. Nettopp her ligg koplinga mellom kunst og nytte.
 

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Til Norge som flyktning – korleis knekke koden?

Hamzeh Alsheiko, vitskapleg assistent ved sosiologisk institutt på Universitetet i Bergen og syrisk flyktning til Noreg med to års butid, viste korleis kultur både kan stå i vegen for eller fremje integrering. Alsheiko hevdar integreringsprosessane har tre hovudutfordringar: Språk, kultur og kunnskap. Desse tre heng tett saman, og må løysast parallelt. Det er viktig å hugse på at utfordringane gjeld både minoritets- og majoritetsbefolkninga.

 
Nøkkelen ligg i å tore å engasjere seg. Gjennom å delta aktivt i frivillig arbeid, idrett, musikk og andre former for kulturell samhandling, kan ein snu det som først skil menneske frå kvarandre, til det som bind oss saman.
— Hamzeh Alsheiko, vit.ass. sosiologisk institutt Univ. i Bergen

Media er ei sterk kraft både for å byggje opp fordommar hjå majoriteten, gjennom einsidig skildring av innvandrarstereotypiar. Alsheiko si eiga erfaring var at det norske samfunnet først verkar som ein sterk, ugjennomtrengjeleg mur. Hans beste tips for å bryte muren, var å studere kulturelle særtrekk og engasjere seg i kulturelle aktivitetar. Sjølv hadde han komme på innsida av muren ved å takke ja til kaffikoppar og middagsinvitasjonar, verve seg i ulike typar frivillig arbeid, og brukt utallige timar på biblioteket, med lesing og diskusjonar.

Nøkkelen ligg i å tore å engasjere seg. Gjennom å delta aktivt i frivillig arbeid, idrett, musikk og andre former for kulturell samhandling, kan ein snu det som først skil menneske frå kvarandre, til det som bind oss saman.

 

foto: heidi hattestein

foto: heidi hattestein

Integreringsutfordringar i eit liberalt samfunn

Mahmoud Farahmand, talsperson for organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfold), følgde på med sine refleksjonar kring integreringsutfordringar i eit liberalt samfunn. Også han hevda at kultur er ein nøkkel i migrasjonsspørsmål. Reell integrering og inkludering fordrar både forståing av og kunnskap om kulturen ein lever i, saman med aktiv deltaking i kulturaktivitetar. Farahmand understreka at dette ikkje berre gjeld for innvandrargrupper, men for alle samfunnsborgarar. Han rette peikefingeren mot at det ofte vert skapt eit offerbilete av minoritetar og flyktningar, og hevda at denne offermentaliteten skapar apati.

Aktiv, sjølvstendig deltaking er både mål og middel for vellukka integrering. Farahmand trekte difor fram førre talar sitt poeng med at språk, kultur og kunnskap er tre viktige, samanfallande område i alt integreringsarbeid. Å lære språk er å lære kultur, som igjen er å tileigne seg kunnskap. Som ny i eit land er språk er ein stor barriere, men kultur ein endå større. Særleg om skilnaden er stor mellom ein konservativ kulturbakgrunn og møte med ein liberal kultur, som den norske. Difor er det å involvere seg i samfunnet viktig både for å gjere seg kjend med kulturen i praksis, og få innpass i samfunnet.

 
Å lære språk er å lære kultur, som igjen er å tileigne seg kunnskap. Som ny i eit land er språk er ein stor barriere, men kultur ein endå større.
— Mahmoud Farahmand, talsperson for organisasjonen LIM

Ein effektiv måte å fremje integrering i Noreg på, er å bruke nettverk som allereie finst i den organiserte frivilligheita i samfunnet vårt. Gjennom felles aktivitetar kan ein fremje norske kjerneverdiar, som likestilling, likeverd og mangfald. Desse verdiane er viktige grunnsteinar i vårt liberale samfunn, og er lang på veg dei einaste ein treng å forstå og erkjenne for å verte fullt ut integrert og deltakande.

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen


Åpne opp!

Norsk-britiske Dominic Vilson, informasjonssjef ved Nordic Black Theatre, viste korleis kultur i praksis kan opne både dører og hovud. Han fortalde om sin svært politisk aktive bakgrunn frå London, og den sterke trongen han hadde for å drive kulturell opplæring då han kom til Noreg. Sidan 1992 har han arbeidd med å bygge opp den Oslo-baserte institusjonen Nordic Black Theatre, eit alternativ til den etablerte, ”blendakvite” teatertradisjonen i Noreg. Vilson fortalde engasjert om vegen frå idé, via prøveførestillingar og overraskande respons, til dagens solide, slagkraftige teaterinstitusjon med drift av mellom anna teaterskule, kafé, konsertar og førestillingar for både born og vaksne. Hans erfaringar synte at det finst svært mange interesserte og nysgjerrige menneske over alt, som leitar etter moglegheiter til å delta i kulturelle aktivitetar. Utfordringane ligg i å lage gjevande lågterskeltilbod for å femne breitt og nå nye samfunnsgrupper, også av ulike etnisitetar. Dersom ein klarer å nå og føre saman menneske av ulikt opphav, vert kunsten tvers igjennom transkulturell, grenselaus.

 

Flora kommune – med integrering på agendaen

Flora kommune har i fleire år blitt brukt som døme på vellukka busetjing og integrering i praksis, særleg i si handsaming av mindreårige asylsøkjarar. Rådmann Terje Heggheim var til stades, som ein av få representantar frå det politiske systemet, for å fortelje om kommunen sine suksessfaktorar i integreringsarbeidet. Heggheim trekte fram tverrpolitisk semje, langsiktige strategiar og sikker finansiering som tre nøklar for det kommunale integreringsarbeidet. Han åtvara likevel mot å ta lett på utfordringane knytt til integrering. I Flora kommune har ”systemet” fått god karakter, men innbyggjarane har ein jobb å gjere for å imøtekomme og ivareta dei nye innbyggjarane.

 
Ein må erkjenne at dei store verdskonfliktane vi ofte høyrer om som store tal, i røynda handlar om tragiske enkeltskjebnar og opprivne familiar.
— Terje Heggheim, rådmann Flora kommune

I tråd med både Hamre og Farahmand sine innlegg, oppmoda Heggheim om ikkje å gje flyktningar og minoritetar ei ufortent og pasifiserande offerrolle, men å handsame både mindreårige og vaksne asylsøkjarar respektfullt og medmenneskeleg. Avslutningsvis appellerte Heggheim til forsamlinga med personlege refleksjonar om enkeltmenneska som utgjer asylsøkjarstatistikken. Ein må erkjenne at dei store verdskonfliktane vi ofte høyrer om som store tal, i røynda handlar om tragiske enkeltskjebnar og opprivne familiar. Med denne bakgrunnen avslutta Heggheim i stort alvor: ”I ei ideell verd skal vi ikkje trenge å ta imot einslege mindreårige asylsøkjarar i Flora kommune”.
 

Mangfald som innovasjonskraft

Næringslivet sin representant mellom innleiarane var Hallgeir Isdahl, konserndirektør CSR i Sparebanken Vest, med temaet mangfald som innovasjonskraft. Isdahl følgde opp styreleiar Kristin Hille Valla si oppfordring frå opninga, med å gå omgrepa innovasjon og mangfald nærare etter i saumane. Innovasjon kan forståast som eit multidimensjonalt omgrep, men òg, i enklast forstand, nyskaping som skapar verdi.

 
– mangfald i seg sjølv gjev ikkje nødvendigvis suksess – men eit auka mangfald kan generere auka innovasjon gjennom strategisk styring.
— Hallgeir Isdahl, konserndirektør CSR, Sparebanken Vest

Mangfaldsomgrepet er på si side eit fleksibelt uttrykk for variasjon og varietet. Når det gjeld moglegheitene for å bruke mangfald som innovasjonskraft, peika Isdahl på at variasjon og utvikling ikkje heng nødvendig saman – mangfald i seg sjølv gjev ikkje nødvendigvis suksess – men eit auka mangfald kan generere auka innovasjon gjennom strategisk styring. Grunnen er at personar med ulik bakgrunn vil angripe situasjonar på ulike måtar, og ei samansett gruppe kan dermed skape gode løysingar. I homogene miljø vil det ofte gå raskare å ta avgjerder, men heterogene grupper kan over tid verte både meir effektive og fleksible.

Avslutningsvis åtvara Isdahl igjen sterkt mot å tru at mangfald i seg sjølv gjev suksess, og særleg mot å fokusere på mangfald og nyskaping som nyttegrunnlag i ei tid med auka flyktningproblematikk. Desse problemstillingane må handterast på humanistisk grunnlag, ikkje ut frå nytteverdi og rekneskap.
 

Kultur som plattform for integrering

Statssekretær i Kulturdepartementet, Himanshu Gulati, fekk halde konferansen sitt siste ordinære innlegg. Gulati synte korleis kultursektoren er ein nøkkel for alle typar integrering og inkludering, gjennom å bidra med møteplassar. Personar som flyttar til Norge, flyttar ikkje til Norge, men til eit lokalsamfunn i Norge, på same måte som ein skiftar lokalsamfunn når ein flyttar i eit land. Måten tilflyttarar vert tekne imot på, avgjer om dei vert aktive eller passive innbyggjarar.

 
Frivilligheita og dei etablerte kulturtilboda gjev uvurderlige arenaar for aktiv involvering i eit lokalsamfunn.
— Himanshu Gulati, Kulturdpartementet

Frivilligheita og dei etablerte kulturtilboda gjev uvurderlige arenaar for aktiv involvering i eit lokalsamfunn. Gulati viste til regjeringa si nye integreringsmelding, der nettopp dette er eit hovudpoeng; løysingane for integrering finst i stort monn på dei arenaene som allereie eksisterer. Frivilligheita og kulturlivet er difor grunnleggjande viktig. Det er viktig å hugse at det viktigaste integreringsarbeidet ikkje føregår gjennom store arrangement, men gjennom å oppretthalde små, viktige møteplassar i kvardagen.

 

Workshops og plenumsamtale

Nytt på 2016-utgåva av Førdekonferansen var ein lengre workshop-del med gruppediskusjonar. Diskusjonssekvensen og den avsluttande plenumssamtala vart leia av kaospilot, sosial entreprenør og gründer Silje Grastveit. Hovudspørsmålet for diskusjonen var korleis kan vi mobilisere kulturens kraft? Konferansedeltakarane vart utfordra til å arbeide fram idear og konkrete forslag til kulturrelaterte tiltak som ein sjølv, nærmiljøet og/eller storsamfunnet kan gjere for å fremje integrering og inkludering, skape kjensle av eigarskap og tilhøyrsle i samfunnet.

Resultata av gruppediskusjonane vart ikkje lagt fram samla, men ideane vart samla inn, og nokre av forslaga tekne opp under den avsluttande plenumssamtalen. (Ideane er samla og presenter i eigen skrifteg dokumentasjon.)

I plenumssamtalen deltok innleiarane Hallgeir Isdahl, Himanshu Gulati og Ole Hamre, i tillegg til Agnes Vevle Tvinnereim frå prosjektet Bærekraftige liv på Landås. Bærekraftige liv er i dag etablert i fleire lokalsamfunn i norske byar. Prosjektet vert gjerne omtala som haldningsskapande og inkluderingsfremjande tiltak der målet er å involvere heile nabolag i å finne gode, ”grøne” løysingar for fellesskapet.

Gjennom prosjektet møtest vidt ulike personar på tvers av alle skiljeliner, sameina ved å høyre til same nabolag og arbeide for felles nytte og glede. Tvinnereim sine skildringar av enkle, men verknadsfulle tiltak inspirerte tilhøyrarane. Den påfølgjande plenumssamtalen inneheldt spørsmål til innleiarane, knytt til problemstillingar kring mangfald, kultur og integrering/inkludering. Mellom poenga som kom fram, vart særleg eitt ståande: Det er når menneske møtast at relasjonar vert danna, og det er på dei ordlause arenaene dei mest utforskande og inkluderande møta føregår.

Innan område som idrett, musikk, dans og matlaging, møter ein kvarandre på lik line; kan hende med ulike føresetnader og forkunnskapar, men i alle høve utan språklege barrierar. Samarbeid mot eit felles mål fremjar positivt fellesskap, der kvar deltakar får bidra med sine ressursar og kan spele kvarandre gode. Dette ser ein på ei fotballbane, på scena i Fargespill og i Bærekraftige liv sine nabolagsprosjekt. Kulturen si sterkaste kraft i eit samfunn i stadig endring, kan difor seiast å vere krafta til skape små og store arenaer for positive, utviklande og fordomsfrie møtestader.

 
Torill Faleide