Dag to: Villt, vakkert og ganske vått

Festivalens andre dag hadde eit vidt spenn frå jøglerisk galskap og til jødisk englesang.

FOTO: Arvid Anthun

FOTO: Arvid Anthun

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

Også torsdag starta vi med dei minste, i Nærleiken barnehage. Nok ein gong fekk duoen Djønne og Børsheim servert ein god start på dagen med viser frå Hardanger.  

For dei vaksne var det samling på Sunnfjord hotell, der Førdekonferasen diskuterte “kulturens kraft i eit samfunn i endring”. Åtte innleiarar satt rammene for ein kreativ debatt i lag med dei ca hundre påmelde. Ole Hamre, ein av hovudpersonane bak kulturfenomenet Fargespill, snakka om kvifor kunst bør gjeninnførst som eit viktig fag i skulen. Hamzeh Alsheikho snakka om si erfaring som flyktning frå Syria, og kva som skulle til for at han klarte seg så bra og no jobbar som vitenskapleg assistent på Sosiologisk institutt på UiB. Rådmann i Flora fortalde kva som gjer at kommunen hans tener pengar på innvandring. Etter ein intens workshop var det til slutt statsråd Himanshu Gulati frå kulturdepartementet sin tur til å tale. Han fekk også mange gode tips å ta med seg heim igjen.

Foto: Heidi Hattestein

Foto: Heidi Hattestein

 

Medan debatten pågjekk var det musikk i sentrum, der vi mellom anna fekk ein smakebit på konserten til spanske Vigüela og ungarske Romengo.

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

Foto: Arvid Anthun

 

For dei som trassa regnet, var nok dagens høgepunkt mykje mogleg Circus Raj. Denne galne gjengen dansa på spikrar, sjonglerte med knivar og det som verre er. Vær om deg om du vil sikre ein plass på sirkuskurs for barn før dagens forestilling !

Foto: Knut Utler

Foto: Knut Utler

Viguela hadde sin andre konsert denne veka, i Festsalen på Førdehuset.

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

FOTO: Arvid Anthun

FOTO: Arvid Anthun

På opningskonserten vart det fullt hus. Her kom konsertnummera som perler på snor, og mellom andre gjorde Mor Karbassi, Romengo og Nishtiman stort inntrykk. Sufi-gruppa Broukar frå Syria imponerte med transetakt og dans, og den sjarmerande Noency Mosquera skapte sommarstemning i salen. Faytinga frå Eritrea traff publikum med sitt intense utrykk og stemme. På scena sto også dei tre ungdomane Jawana Thayaseelan, Mira Thiruchelvam og Gutu Abera som møtte stor begeistring og heftig aplaus då dei velfortent vart tildelt Sparebanken Vest sin musikkpris. Heile forestillinga vart knytta saman av den elegante konferansieren Laveen Kaur.  

Foto: Arve Ullebø

Foto: Arve Ullebø

 

Dansen går kunne by på tradisjonell norsk gamaldans med Sindre & Co, før Café Aman Istanbul sensualiserte scena med gresk-tyrkisk takt.

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

Foto: Geir Birkeland

 

Medan det fossa ned ute, senka skuldrene seg inne då det lei mot sein kveld. Med ekte sarkastisk skotsk humor, fekk den herlege duoen Mairearad & Anna (Jigs, reels and beers), fram fliren i folk som hadde funne vegen til Restaurant Hugleik på Scandic Sunnfjord hotell. Les Sunniva Brynnel sin anmeldelse her.

 

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

For natteravnane vart det ei trolsk og tåketung sommarnatt på Jøster. Innanfor veggane på dei vakre husa i tunet på Jølstramuseet, var det mange artistar som spelte opp til fest og kjempestemning; Trioen Värttina frå Finnland, Vigüela frå Spania, Radik Tyulyush frå Huun-Huur-Tu (Russland) og Gunnar Stubseid & Ale møller (Norge/Sverige). I tillegg kunne fekk vi første framsyninga til årets talenta frå Norge, Malawi og Kenya. Mat måtte ein ha! Og på menyen sto saftig hjorteburger. Kvelden gjekk altfor fort!

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Foto: David Bowen

Tekst: Kamilla Mygland Storaker