Bornas Verdsdagar Førde 2016

Laurdag 12. november er det klart for den sjuande utgåva av Bornas Verdsdagar Førde i Førdehuset. Saman med mange gode samarbeidspartar inviterer Førdefestivalen små og store born og vaksne til ein familiefest med både lydar, lukter og smakar frå vårt eige land og mange andre. På verkstadane rundt i Førdehuset skal det dansast både halling og magedans, det skal trommast og syngast, og det skal spelast trekkspel, lesast eventyr, og for aller første gong på BVD Førde, blir det også vist teater i teatersalen i regi av Sogn og Fjordane Teater.

HER er oversikt over verkstadar og aktivitetar

Eit tips! Last ned Førdefestival-appen, så har du programmet for Bornas Verdsdagar lett tilgjengeleg på mobilen. 

Vi tek i bruk heile huset så og seie, men har laga kart over det heile, så det skal vere lett å finne fram til dei ulike romma. Denne dagen er det gratis å prøve alle aktiivtetane, og det er lov å gå fleire gonger på det du syns er ekstra kjekt. I tillegg til verkstadane blir det høve til å få fin ansiktsmåling, eller du kan teikne ved det store bordet nede i kjellaren. 

Bornas Verdsdagar PASS

I år har vi laga eit ekte Verdsdagar-pass som borna får når dei kjem i Førdehuset. For kvar verkstad dei er med på, får dei eit stempel i passet. Det er også ein slipp til å skrive namn og epostadresse på, som de kan levere i BVD-infoskranken når de går, så kan de vinne billettar til kurs og konsertar for born under festivalen til sommaren. 

 

FARGERIKE FØRDE 

Frivilligsentralen i Førde er ein viktig samarbeidspart for Bornas Verdsdagar Førde. Dei organiserer den flotte kafeen som har utsal i Utstillingssalen. Hugs å ta med kontantar dersom du har tenkt å smake på noko av den spennande maten dei tilbyr. Og det har du vel? 

Torill Faleide