Tips til julegåver!

Julegåve - raud konvolutt.png

Er du på jakt etter julegåver? Kanskje du skal gjere som mange andre, og legge gåvekort på festivalopplevingar under juletreet?

Datoen for Førdefestivalen 2016 er 6. – 10. juli, og fram til 1. januar sel vi til dømes festivalpass til 2015-prisar. Du kan også kjøpe gåvekort på ein spesiell konsert, eller med ein verdi du bestemmer sjølv, så kan mottakaren velje kva konsert han eller ho vil bruke det på.

Til kvart gåvekort, uansett verdi, følgjer eit eksemplar av boka om FørdeFESTivalen.

No til jul leverer vi gåvekorta i raud konvolutt. Vi sender til deg i posten, eller du kan avtale å hente på festivalkontoret i Førdehuset. 

Les meir

 

Fargerike kunsttrykk i A3-format

Eit anna gåvetips er dei fargerike kunsttrykka (A3) frå festivalutstillinga Things in Instruments -Instruments in Things – av Piotr Pucylo. Utstillinga stod i parken på Festplasssen, og i tillegg har vi signerte og nummererte trykk i storleik A3 for sal.

Sjå motiv og bestill her