Slik takka Hilde for fylkeskulturprisen

Hilde Bjørkum var stolt og rørt over å få Fylkeskulturprisen 2015. Her flankert av leiar i hovudutvalet for kultur og næring, Karen Marie Hjelmeseter (t.v.) og fylkesordførar Jenny Følling (t.h.). Foto: Matias Helgheim.

Hilde Bjørkum var stolt og rørt over å få Fylkeskulturprisen 2015. Her flankert av leiar i hovudutvalet for kultur og næring, Karen Marie Hjelmeseter (t.v.) og fylkesordførar Jenny Følling (t.h.). Foto: Matias Helgheim.

Fylkesordførar!

Gode fylkestingsmedlemer og anna godtfolk!

Eg er stolt og rørt over å motta Fylkeskulturprisen 2015! 

Arbeidet med Førde Internasjonale Folkemusikkfestival har vore ei lang reise – over meir enn 26 år. I fjor feira festivalen 25-årsjubileum.

Eg skulle no eigentleg bli veterinær. Men etter eit par år i Sunnfjord og det sterke folkemusikkmiljøet her, så vart det musikklinja på lærarhøgskulen i Bergen i staden. Og etter endt utdanning vart eg «headhunta» til spennande nye oppgåver i heimfylket, her svinga det skikkeleg, med mange nye satsingar som har vore ufatteleg viktig for utviklinga av fylket vårt. Kombinasjonen av den ustoppelege kulturentrepenøren Lidvin Osland, eit driftig folkemusikkmiljø og velvillige politikarar gjorde susen! Eg fekk vere med på oppstart både av Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Fylkesmusikarordninga, Mokurset og Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane, som no er ein del av Fylkesarkivet.

Førdefestivalen såg dagens lys i 1990.  Og oppstarten var ikkje utan motstand og smerte, det skal no seiast! Eg vart engasjert i halv stilling som prosjektleiar for festivalen hausten 1989. Det vart no 50% jobb og 200% arbeid. Eg trur kanskje eg aldri verken før eller sidan har jobba så mykje, til alle døgnets tider som dette første året. Etter første festivalen syns eg ikkje eg var heilt utkvilt att før nærmare jul…

Vi var så spente før den aller første festivalen, ville musikarane levere som vi håpa på? Ville dei kome i tide? Ville frivilligapparatet fungere som tenkt? Og ikkje minst – ville PUBLIKUM kome?Og det smalt på Balkan akkurat ved festivalstart – Balkankrigen braut ut. Då vart det sterkt å oppleve dei aller første festivaltonane frå scena i Førde 5. juli 1990 framført av musikarar frå Albania, som ikkje eingong visste om dei kom seg heim att på grunn av krigsutbrotet.

Vi var storfornøgde med 6000 besøkande på den første festivalen, då hadde vi eit budsjett på 900 tusen. Andre festivalen auka publikumstalet til 9000 og den tredje festivalen, då dobla vi besøkstalet, heile 18000 besøkande! Og endå fleire ville inn! Vi var ikkje rigga for ei slik tilstrøyming, vi flytta konsertar og heile NRK-riggen frå Kinosalen til Idrettshallen, vi hadde nye lydprøver midt på natta, og sjangla til slutt i seng utmatta og lukkelege….

Sidan den gong har besøkstalet og festivalen sitt renommé stege jamnt. Vi har bygd stein på stein både kunstnarleg og organisasjonsmessig. Frå ei 50% prosjektleiarstilling til i dag ein kulturinstitusjon med 6 kompetansearbeidsplassar og ei om setning på rundt 16 mill.

Då festivalen fekk knutepunktstatus i 2005 fekk vi eit nytt løft og kunne legge endå meir dristige planar både kunstnarleg og organisatorisk. Gjennom dei siste åra har festivalen fått fram over 40 nyproduksjonar og tingingsverk, og mange av desse har turnert både i inn- og utland i ettertid.  

Gjennom desse 26 åra har 6400 artistar frå meir enn 130 land over heile verda stått på festivalscenene, som ikkje lenger berre er i Førde – i år hadde vi arrangement i heile 6 kommunar.

Kanskje ikkje så mange veit at vi òg har bygd opp eitt av dei største databaserte musikkbiblioteka innan vår sjanger i Norge. Og vi har ei rekke konsertar gjennom året, m.a. Bornas Verdsdagar. Vi samarbeider med mange institusjonar i inn- og utland og deler kompetanse gjennom kurs, konferansar og forelesingar m.a. på Firda vidaregåande skule og for studentar på Høgskulen i Sogn og Fjordane, vi tilbyr praksisplassar for elevar og studentar.

Ja, godtfolk, det er no faktisk ei bragd vi har fått til i fylket vårt, at nettopp her, i Sogn og Fjordane, i vesle Førde, ligg Nordens største folk- og verdsmusikkfestival. Det er ikkje sjølvsagt at det er akkurat her det ligg ein festival som dei siste 6 åra har vore ranka blant dei 25 beste festivalane i verda i sitt slag, at nettopp her ligg ein festival som i 2014 kom på den internasjonale storavisa The Guardian si liste over dei 10 beste småbyfestivalane i Europa, som einaste norske festival uansett sjanger, og som i 2015 vart kåra blant dei 7 beste sommarfestivalane i Europa av National Geographic, også her som einaste norske festival. 

Dette gjer seg ikkje sjølv. Det er eit løft som framsynte og satsingsviljuge byråkratar og politikarar har lagt til rette for. Og som 350 dugnadsfolk, ein fantastisk stab og ei mengd hjelparar og samarbeidspartarar, både offentlege og private bidrar til å gjennomføre – kvart år.

Personleg vil eg òg takke familien min, som har vore innrullert i frivilligstaben frå dag éin, og som har måtta leve med ein ektemake og ei mor som nok må seiast å har vore noko fråverande, både fysisk og mentalt til tider, med hovudet langt inn i festivalverda.

Festivalen sine verdiar er å glede, røre, overraske, og opne for nye opplevingar og ny innsikt og kunnskap. I våre dagar er det mykje snakk om økonomiske ringverknader av ulike kulturtiltak. Det er jo vel og bra.

Men den meirverdien og dei ringverknadane festivalen gir til kvar publikummar og til samfunnet, bør kanskje ikkje fyrst og fremst målast i pengar, men i verdien av auka innsikt og kunnskap, haldningar, tankar, opplevingar og refleksjonar som gjer kvar av oss litt rikare, og litt klokare, verdiar som er grunnsteinen i eit sivilisert, ope og verdiskapande samfunn.

Og nettopp i desse tider der kvar enkelt av oss og samfunnet vårt vert sett på nye prøver og får nye moglegheiter gjennom møte med mange menneske frå andre kulturar, er Førdefestivalen viktigare og meir relevant enn nokon gong. Difor har eg òg tru på at de, gode politikarar, framleis vel å satse på Førdefestivalen som det unike kulturfyrtårnet det er for fylket vårt og for Norge!

Eg føler meg privilegert og takksam for å ha fått leie utviklinga av denne viktige kulturinstitusjonen gjennom alle desse åra, og stolt over det vi har fått til.

Tusen takk for prisen!