Gammalgrass og Gro Marie Svidal på FolkJazzScena

Alt no kan du sikre deg billettar til to flotte konsertar på FolkJazzScena etter jul. Den første er med Gro Marie Svidal, som i haust har vore i Tom Karlsrud sitt studio i Lærdal og spelt inn si andre soloplate. Platesleppkonserten vert sjølvsagt i Jølster, nærare bestemt på låven på Jølstramuseet - og datoen er torsdag 21. januar. 

Nokre veker seinare,  har vi klart kunststykket å samle trioen Gammalgrass til konsert i Førde (konsertarena vert annonsert). Tysdag 1. mars er Ola Kvernberg, Stian Carstensen og Ole Morten Vågan klare for å gje deg ein godbit av ein konsert. Det er berre å glede seg. 

Det fine er at billettar er i sal på TicketCo - så du kan ordne det heime frå sofaen, enten du vil glede deg sjølv med ein konsert, eller nokon du kjenner! Det er jo snart jul.. 

HER er oversikt over FolkJazzkonsertane