Bornas Verdsdagar i Førde for sjette gong

Feleverkstad med Sigmund Eikås. Foto: Arve Ullebø.

Feleverkstad med Sigmund Eikås. Foto: Arve Ullebø.

Laurdag 14. november bles Førdefestivalen i gang Bornas Verdsdagar Førde for sjette gong. Dette er laurdagen då Førdehuset vert fyllt av morosame verkstadar der born i alla aldrar får boltre seg i fargerikt dekorerte verkstadar, og lære mellom anna flamenco, capoeira og felespel av profesjonelle instruktørar. 

Alle verkstadane er gratis, og du slepp å melde deg på. Det er inga aldersgrense, men ein del av verkstadane høver best for aldersgruppe 0-3 år, over 8 år etc. Kvar verkstad varer i ca 20 minutt, og går to gonger i timen. Det blir ein liten matpause midt på dagen, og denne blir annonsert på kvar verkstad. Tanken er at så mange som mogleg skal få prøve så mange av verkstadane som mogleg, men det er også lov å prøve ein verkstad fleire gonger.  

I tillegg til verkstadar, er det Verdsscene med kulturinnslag i Festsalen, internasjonal kafé med mat frå heile verda (Utstillingssalen og Festsalen), og ikkje minst ansiktsmåling, hårfletting og andre aktivitetar i heile vrimlearealet i Førdehuset. Ein fest for heile familien, rett og slett. 

Les meir på Bornas Verdsdagar-bloggen