Opplev Bjørgum og Sandén-Warg i Førde 9. oktober

 Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg spelar i Førde fredag 9. oktober. Foto: Knut Utler

Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg spelar i Førde fredag 9. oktober. Foto: Knut Utler

FolkJazzScena opnar hausten med å invitere til konsert med duoen Hallvard T. Bjørgum og Daniel Sandén-Warg, som er kjende for upolert felespel og uvanlege musikalitet. Musikken vert eit dykk ned i legendariske Torleiv H. Bjørgum sin rike musikkarv, og dei to vil spele både vanleg fele, hardingfele og munnharpe. Dei går heller ikkje av vegen for å kvede litt. Dei er då frå Setesdal! 

Konserten er eit samarbeid med Indre Sunnfjord Spelemannslag, og markerer starten på Vestlandskappleiken 2015. Heile programmet for kappleiken finn du her

Gå inn på lenkja under for å lese meir om musikarane og konserten.