Vi sender gratulasjonar!

Medan festivalstaben i Førde har feriert, har andre arrangørar og utøvarar hatt meir enn nok å henge fingrane i, og eit par sentrale folkemusikkarrangement det er verdt å nemne: Landskappleiken som i år vart arrangert på Fagernes 19.-26. juli i samband med Jørn Hilme-stemnet, og Landsfestivalen i gammaldans som gjekk på Lom 5.-9. august.

Vi har registrert ei rekkje gode prestasjonar over heile fjøla, men i lys av årets festivalprogram i Førde, er det på sin plass med særlege gratulasjonar til Kongepokalvinnar Hallgrim Hansegård – som henta heim den gjeve pokalen etter framifrå dans i eit sterkt finaleheat i Halling klasse A.

Varme gratulasjonar sender vi også til Unni Løvlid, som gjekk heilt til topps i A-klassen i kveding. Vidare må vi gratulerer vårt eige styremedlem, Dagfrid Vallestad Brevik, som sikra seg plass i A-klassen i hardingfele. Det var mange andre utøvarar frå fylket som også leverte knall resultat, det kan du lese meir om HER.

Vi gratulerer også Ingrid Stuhaug med solid innsats på Landsfestivalen i gammaldans, der ho spelte seg til ein imponerande 2. plass i seniorklassen for solo fele/hardingfele.

Første gruppe klar for Førdefestivalen 2016

Eitt anna resultat det er verdt å merke seg, er at Grindstuen og Midtlis vann klassa for gruppespel på Landsfestivalen. Dei er dermed den første gruppa som offisielt er klare for Førdefestivalen i 2016. Dette som ein følgje av avtalen mellom festivalen og FolkOrg, som sikrar at vinnaren av denne klassa på Landskappleiken spelar i Førde året etter. Så altså, velkomne til Førde 6.-10. juli 2016, Grimstuen og Midtlis!

Du kan lese meir om Landskappleiken og Landsfestivalen for gammaldans på www.folkorg.no