Festivalstaben er tilbake

No er heile festivalstaben tilbake på plass etter ein lang og god sommarferie.  Den første tida tillet vi oss sjølv å suge litt på karamellen etter ein fantastisk festival. Det vil seie at  vi kombinerer evaluering og etterarbeid med planlegging og tankar om det som skal bli den 27. Førdefestivalen (6.-10. juli 2016).

Framfor alt legg vi siste hand på haustprogrammet for FolkJazzScena, og vil presentere det om kort tid. Alt no kan vi røpe at første konsert blir 9. oktober. Kven som skal spele og kvar, kjem vi tilbake til. Ein annan dato som er spikra, er Bornas Verdsdagar Førde, som skjer laurdag 14. november i Førdehuset. Vi kan også røpe at vi har julekonsert på programmet.